Veteranlag på andreplass i Fristafetten

Postet av Stanley Hauge den 16. Apr 2024

Stafettlaget, frå venstre: Anders Eidsnes, Jo-Harald Færø, Einar Færø, Nikolai Færø, Dag Taule og Aleksander Vågsholm. (Foto: Helga Marit Bjørge Færø.)

For første gong på lenge deltok Eikanger IL i ein stafett. Med eit veteranlag vart det andreplass i Fristafetten onsdag 10. april.

Etter eit rivande oppgjer i klassen for menn veteranar over 35 år, vart det andreplass til Eikanger IL. Det var eit tett spurtoppgjer med Osterøy om andreplassen. Laget vårt kapra den eitt tidel føre Osterøy IL.

Først vart Osterøy tildelt andreplassen. I ettertid vart det oppdaga at dette var feil, etter nærare sjekk av målfoto/film.

Eikanger IL var faktisk i teten etter fjerde og femte veksling i den seks etappar lange stafetten. Men IL Fri, på heimebane, vart for sterke mot slutten og vann klart vel seks sekund føre vårt lag.

Dei som deltok på laget vårt var: Anders Eidsnes, Jo-Harald Færø, Einar Færø, Nikolai Færø, Dag Taule og Aleksander Vågsholm.

Så kanskje det vert fleire stafett-deltakingar framover.

Tekst: Stanley Hauge





1 Kommentar

Kommentarer

  • Gratulerer.👍

    20 april 2024
— Guest