Første seriekamp unnagjort for G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 17. Apr 2024

Første seriekamp i 2. div. for G14 var tirsdag 16. april.


G14 møter eit sterkt Minde-lag med mange gode kvalitetar. Minde var gode til å forstyrre spelet, dei var ballsikre og var tett oppi G14-gutta. Dei tok leiinga etter 9 min. og kunne fort fått eit par mål til. Keeper Brian på Eikanger IL står fjellstøtt i mål, eit vanvittig høgt nivå på keeperen til G14! 

Det som gjer at laget slepp til Minde og at dei skapar ein del sjansar, er at  gutta er noko slurvete i pasnings-spelet, i tillegg til i medtak- og mottakskontroll. Gutta jobbar og jobbar, dei blir belønna til slutt med ei scoring seint i 2. omg. G14 legg om formasjonen til 4-3-3, noko  som gjer at dei får fleire angrepsmogligheiter og meir styrke framfor mål. 

Gutta blir litt svake på midtbana, men forsvaret gjør ein glimrande jobb. Jonas utmerker seg veldig godt som midtstoppar, og stoppar ein del farlege sjansar til Minde. Også Benjamin, Thomas og Ilian imponerer stort under denne kampen, men det var mange som viste seg fram mot Minde.

Preben fekk heldigvis eit etterlengta mål. Fullt fortjent. G14 hadde fortjent seier i denne kampen etter vanvittig bra innsats.

Stillinga vart til slutt 1-1 og 1 poeng.

Vèret under kampen var grått med yr i lufta med nokså kald temperatur. Publikum kom og gjorde til at rammene rundt kampen vart ekstra gode,  trass noko ruskete vèr. 


Neste kamp er borte mot Kvernbit, fredag 26. april.

Neste heimekamp er mot Tertnes 5. mai.


https://www.bt.no/lokalfotball/i/wg6np5/eikanger-sikret-uavgjort 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.