Rein kunstgrasbane, tusen takk til G14 og G13

Postet av Eikanger G14 (2010) den 1. Mai 2024

Fotballgruppa har vedteke ei ordning om bossplukking for Ostereidet Kunstgrasbane. Alle fotball-laga frå G10 og oppover, har fått kvar sin månad dei har ansvar for. I april og mai har G13 og G14 ansvar for å plukke boss, fjerne klede og sjå at bana ser bra ut. 

Josefine Kristoffersen, lagleiar for G14, stilte opp med boss-sekkar og hanskar og ho skriv følgjande om oppdraget onsdag 1.mai på Spond: 

"I dag var det tid for G13/G14 å rydde boss på og utenfor banen, samt utenfor gjerdet! Alle fikk raskt på hanskene, og møtte oppgaven på en positiv måte! Takk for super innsats! Raskt i gang, effektiv rydding, også tid for fotballtrening. Det er SÅ mye kjekkere for alle å være på idrettsplassen når det er ryddig og fint!"

Tusen takk til Josefine og alle ungdommane som gjorde kunstgrasbana til ein betre stad å trene på. 

Ps: Attgløymde klede ligg på trappa framfor kiosken. Kikk gjerne innom der, om de saknar noko.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.