Serieopning for G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 17. Aug 2024

Lørdag 17. august kl.12.00 tok Eikanger IL, G14, imot fotballaget Sund på Ostereidet Kunstgrasbane under overskya forhold med grei temperatur. 

Det var ein del nervøsitet blant spelarane, sidan det var første kamp i ny pulje i 2.divisjon, avdeling 1. Sund er eit sterkt lag som har oppnådd gode resultat på Norway Cup og i seriespel i vår, motstandarane var fysisk store og Eikanger var usikre på kva dei kom til å møte.

I dei 10-15 første minuttane av kampen, hadde Sund føringa med mykje godt pasningspel, men G14 klarte å øydeleggje det gode spelet til Sund og gutta tok over kampen.

Stillinga var 0-0 til pause, men Eikanger hadde fleire målsjansar og burde hatt leiinga til pause. Gutta var slitne og gav uttrykk for at det kosta å jobba så hardt.2. omgang fortsette slik som 1.omgang slutta, med mykje bra spel av Eikanger, og gutta styrte kampen. Dei hadde fleire målsjansar og stoppa det gode pasningsspelet til motstandarane. G14 hadde nokre omrokkeringar på laget og prøvde ut litt nye posisjonar. I den einaste sjansen Sund hadde i 2. omgang,  fekk dei ballen i nota etter eit frispark. Kampen enda 0-1 til Sund, eit surt tap for G14 som hadde fortent minst uavgjort.

Innsatsen og kvaliteten på spelet til gutta er veldig høgt, dei kjempa godt saman som lag. Publikum fekk mykje god underhaldning, trass få mål, det var verkeleg dyktige guttar å sjå på bana i dag.

Eikanger G14 er innstilte på å jobba hardt vidare denne hausten med både kondisjon, posisjon og pasningsspel, så det vert spennande å følgje dei vidare denne sesongen.

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.