Tur og kamp mot Halsnøy for G14

Postet av Eikanger G14 (2010) den 24. Sep 2024

Søndag 22. september hadde Eikanger G14 bortekamp mot Halsnøy. Halsnøy er om lag 3 timars køyring unna og mange av spelarane med foreldre, valde å reise ned til Husnes dagen før. 

Dei fleste spelarane ankom Husnes Camping i løpet av laurdag og fekk ein sosial dag og kveld med fotball, felles måltid, avslapping og prat. 

Søndag var det utsjekk og tid for kamp. Laget møtte opp på Sæbøvik Grasbane. Her møtte dei eit lag som låg på 2. plass på tabellen, kun slått av tabell-topp Os. 

Kampen starta med to tidlege mål imot oss, blant anna grunna eit hjørnespark og eit straffespark til Halsnøy. Men Eikanger skjønte likevel at dette laget var mogleg å slå, sidan våre gutta var fullt på høgde med motspelarane fotballteknisk. 

Rett før pause, skåra Andrè med eit flott langskot. G14 gjekk dermed til pause med 2-1 til Halsnøy. Gutta viste eit enormt godt samspel i 2. omgang, med fleire målsjansar og mykje godt spel på motstandarane sin banehalvdel. Likevel klarte Halsnøy å skåre to mål til og stillinga viste 4-1 til Halsnøy. 

Halsnøy serverte oppskore frukt på fat. Tusen takk!

Eikanger G14 gav ikkje opp. Dei kjempa vidare og spenninga var elektrisk då Preben skåra to mål og Elias skåra to mål, -alle i løpet av 12 minutt! Stillinga var dermed 4-5 til Eikanger med 6 minutt igjen av kampen. Stemninga på tribuna var fantastisk. Skulle Eikanger G14 vinne sin første kamp mot nr. 2 på tabellen? Det viste seg at Halsnøy ikkje ville gje seg på tap, dei kjempa og skåra 3 minutt før slutt. 

Her har Elias skåra og Eikanger leder kampen 4-5. Fantastisk stemning!!

Stillinga vart 5-5 og poengdeling. Gutta våre var skuffa, men FOR ei historisk innhenting og så moro dei hadde det på bana! Ein fantastisk underhaldande kamp, der fleire meinte det kom godt med at hjartestartaren var innan rekkevidde. 

Ifølgje trenar Jan Olav, eigde gutane våre 2. omgang og fleire av angrepa var som henta frå læreboka! 

Turen til Halsnøy var minnerik og flott på mange måtar. Det var relasjonsbygging for både små og store. 

Eitt poeng opp for Eikanger G14 denne gongen. Så håpar vi at det kjem ein 3-poengar snart, det har dei verkeleg fortent. Dei har ikkje heilt fått løn for det gode spelet sitt så langt i sesongen. 

Neste kamp er på heimebane søndag 29. september kl. 12.00, mot Arna-Bjørnar.

 

 https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=8656796


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.