Vinterkarusellen startar laurdag 19. oktober
Postet av Stanley Hauge den 13. Okt 2024
Laurdag 19. oktober går første løp i vinterkarusellen 2024-25 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.15. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 19. oktober, 16. november, 14. desember, 11. januar 2025, 8. februar, 15. mars og 5. april.
Vinterkarusellhefte2024-25-nett.pdf
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2009 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar, 250 startar og 300 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 46 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 351 løp med 22 063 startar.
Terje Eidsnes med 299 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 297. Deretter kjem Steinar Haukås med 281, Alf Høyland med 275, Arvid Hauge 270 og Leiv Eidsnes 262.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 178 startar og Grethe Titland med 170 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Tekst og foto: Stanley Hauge
1 Kommentar