Veteransigrar i karusellopninga på Eikanger
Postet av Stanley Hauge den 19. Okt 2024
Veteranane Jo-Harald Færø og Grethe Jørgensen var raskast i karusellopninga på Eikanger laurdag 19. oktober. Jo-Harald med tida 7.01 og medan Grethe sprang på 8.09.
Det var 44. gong Grethe Jørgensen (biletet over) var raskaste dame i karusellen, medan det for Jo-Harald Færø (biletet under) var 27. gong han kom først i mål.
16-år gamle Liam Eidsnes Phillips var nest raskast av alle laurdag med den fine tida 7.13. Johannes Skjerping var nummer tre på 7.20 som er ny personleg bestetid.
STERKT LØP: Liam Eidsnes Phillips vart nummer to i mål på den fine tida 7.13.
Etter mange års fråvær var Bjørn Harald Nævdal tilbake til start i karusellen. Det vart fjerdeplass på 7.23, elleve sekund etter bestetida hans frå 2010. Dag Taule kom med 7.55 for første gong under åtte minuttar.
DUELL: Randi Kjøsnes og unge Gustav Andsnes Færø hadde ein tøff duell inn mot mål.
Randi Kjøsnes var nest best av damene med 8.37, to sekund etter bestetida si frå førre sesong. 13 år amle Alma Taule sprang på 9.27 og var heile 43 sekund raskare enn i førre sesong.300 STARTAR: Terje Eidsnes spring smilande i mål for 300 gong, 42 år etter han debuterte som tiåring i 1982.
Runda 300 startar
For Terje Eidsnes vart løpet laurdag ein milepåle. Som den første har han delteke i 300 karuselløp. Terje deltok første gong i vinterkarusellen 4. desember 1982 vel ti år gamal.
Det var flotte forhold i det første karuselløpet for sesongen 2024-25. Med 16-17 plussgrader i lufta, tørr og lett veg å springa på, likna det meir på sommarkarusell enn vinterløp.
77 deltakarar stilte til start, fordelt med 31 i løpsklassen og 46 som tok den flotte haustturen rundt Eikangervågen utan tidtaking. PÅ OPPLØPET: Johannes Skjerping fremst med Bjørn Harald Nævdal eit stykke bak.
Vinterkarusell 2024-25, 1. løp.
Eikanger 19. oktober 2024
Arr.: Eikanger IL
Fint ver, berr veg, +16-17° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø 7.01
2. Liam Eidsnes Phillips 7.13
3. Johannes Skjerping 7.20
4. Bjørn Harald Nævdal 7.23
5. Dag Taule 7.55
6. Grethe Jørgensen 8.09
7. Randi Kjøsnes 8.37
8. Gustav Ansnes Færø 8.37
9. Jonas Buene 8.55
10. Anton Nikolai Vedå 9.10
11. Alma Taule 9.27
12. Olav Stordal Phillips 9.51
13. Einar Færø 9.55
14. Nikolai Færø 9.55
15. Cathrina Eidsnes Phillips 10.01
16. Aksel Vedå 10.13
17. Syvert Søyland Askvik 10.13
18. Isak Øvretveit Hosøy 10.15
19. Jan Kårbø 10.32
20. Tina Taule 10.36
21. Matheo Taule 10.46
22. Tone Marit Vedå 10.51
23. Terje Eidsnes 10.55
24. Mathilde Eneroth Høyland 11.27
25. Ruben Hosøy 11.28
26. Petter Buvik 12.07
27. Iben Buvik Aasgard 12.07
28. Christer Aase Nævdal 13.12
29. Fredrik Aase Nævdal 13.13
30. Sigmund Nævdal 13.14
31. Sverre Solberg 15.27
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Lena Buene, Kaja Buene, Vegard Buene, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf Høyland, Elin Høyland, William Bjørsvik Kvamme, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Marius Aase Nævdal, Sebastian Aase Nævdal, Jogeir Romarheim, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Sivert Stusdal, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Albert Vedå, Lavrans Vedå, Johanne Øvretveit, Tonje Aarland, Benedikte Aase
I alt 77 deltakarar.
FØRSTE SVING: Jo-Harald Færø i teten.
Neste løp:
Laurdag 16. november 2024.
Dag Taule.
Jonas Buene.
Anton Nikolai Vedå.
Alma Taule.
Olav Stordal Phillips fremst. Litt lenger bak kjem Einar og Nikolai Færø.
Cathrina Eidsnes Phillips.
Aksel Vedå (nr. 16), Isak Øvretveit Hosøy (nr. 10) og Syvert Søyland Askvik (nr. 7).
Mathilde Eneroth Høyland.
EIN FARFAR I LIVET SKU'` ALLE HA: Sigmund Nævdal og barnebarna Christer, Fredrik og Sebastian.
Tekst og foto: Stanley Hauge
3 Kommentarer