Avslutning for G14 og G15

Postet av Eikanger G14 (2010) den 16. Feb 2025

Eikanger Idrettslag har dei siste åra hatt fotballag i ungdomsserien. Guttar fødd i 2011 og 2010 har hatt treningar saman på Ostereidet Kunstgrasbane og dei har spelt kampar i serien for G13 og G14 forrige sesong. 

Den lokale fotballkretsen har ikkje serie for G15 og difor må gutta spele med G16 kommande sesong. 

Etter ei avstemming på ungdomslaget, har guttane no ønsker om ulike ting framover. Nokre vil slutte, nokre vil ha pause, nokre vil spele for andre klubbar og nokre vil gjerne trene vidare på Eikanger IL. Dessverre er det ikkje nok spelarar att i Eikanger IL til å stille lag i G16-serien, dermed er ungdomslaget no oppløyst. 

Søndag 16. februar hadde laget ei offisiell avslutning ute på kunstgrasbana på Ostereidet. Det var grilling, bålkos, straffekonkurranse og takketalar. Eit kapittel er over. Eikanger IL har mista eit dyktig og godt fotballag og ei engasjert foreldregruppe møtest ikkje igjen med oransje skjerf og flagg på sidelinja. Flott ungdom som kjempa saman på treningar, cupar og kampar er no klar for nye eventyr på andre fotballbaner.


Denne fotball-reisa i Eikanger IL har vore innhaldsrik, med mange magiske augneblink. Det har vore mykje moro med laga på cupar, kampar og utallige treningar. Blant anna har G14 vunne serien 2023 og Reigstad-cup 2024. G13 vann vårsesongen same året.


Tusen takk til lagleiarane Anja A. S. Hvidsten, Ann Kathrin Espevoll og Josefine Kristoffersen og trenarane Jan Olav Vågen, Asbjørn Espevoll, Helge Rasmussen, Richard Toft, Alf Kåre Mosland og Ragnvald Hosøy. De har gjort ein fantastisk jobb med gutta og investert mykje tid, energi og ressursar på ungdomsslaget. Takk!

Når ei dør vert lukka, vert ei ny opna. Me ynskjer alle lykke til vidare. Brødrene Simen André og Samuel Hvidsten var ubeseira i straffekonkurransen på avslutninga.


Brødene Simen André og Samuel Hvidsten vann straffekonkurransen overlegent under avslutninga på søndag. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.