Liam Phillips ny karusellvinnar

Postet av Stanley Hauge den 5. Apr 2025

STARTEN: Full fart ut frå start med Øyvind Kleivdal (nr. 26) aller fremst.

Liam Eidsnes Phillips (f. 2008)  vann karusellavsluttinga etter eit spurtoppgjer med Jo-Harald Færø. I løpet 5. april var Tirill Eknes på ny raskaste kvinne.

DUELL: Liam Eidsnes Phillips vann med Jo-Harald Færø eit par sekund etter.

Liam låg litt etter Jo-Harald inn i den siste motbakken. Men etter ei sterk forsering nådde han att Jo-Harald like før oppløpssida inn mot mål. Med tida 7.06 vann han med to sekund og betre samtundes bestetida si med eitt sekund. FJERDE GONG: Tirill Eknes har vunne fire av dei fem løpa ho har starta i på Eikanger denne sesongen.

For Liam Eidsnes Phillips var det første sigeren i karusellen. Torill Eknes (f. 2007) var for fjerde gong denne sesongen raskaste kvinne. Med tida 8.07 var ho seks sekund etter personbeste.

NY PERSONLEG REKORD: Øyvind Kleivdal vart nummer tre og noterte ny personleg bestetid. 

Tredje raskast i karusellavsluttinga var veteranen Øyvind Kleivdal som med 7.37 sprang seks sekund fortare enn han har gjort før på Eikanger. 

TRIO: Ferdinand Wakefield (t.v.), Steinar (22) og Oliver (21) Molland.

Etter nokre løp med surt ver etter nyttår, var det på laurdag strålande sol og flotte forhold. 81 løparar stilte til start, det nest meste denne sesongen. I alt har det vore 535 startar i 2024-25, og det er vel 80 fleire enn førre sesong.

To personar runda 300 startar og vart premierte for det. Terje Eidsnes har no kome oppi 305 startar og Sverre Solberg i 303. Bente E. Fyllingsnes fekk premie for å ha passert 75 startar. FLITTIGE DELTAKARAR: Frå venstre: Sverre Solberg, Terje Eidsnes, Bente Fyllingsnes, Atle Kolbeinsen, Lene Reigstad Danielsen, Ingeborg Reigstad Danielsen og  Erik Arne Eknes.

Lene Reigstad Danielsen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Erik Arne Eknes, Atle Kolbeinsen og Gustav Ansnes Færø fekk premiar for å ha passert 30 startar.

Ei lang rekkje deltakarar fekk medaljar for å ha delteke i tre eller fleire løp i sesongen som vart avslutta laurdag. Dessverre var det berre halvparten av si som skal ha gullmedalje for 6 og 7 sju startar som fekk medaljen sin  laurdag, då arrangøren ved ein feil ikkje hadde teke med seg mange nok medalje. Så til dei er trøysta at det vert gullutdeling ved det første løpet til hausten. 

Vinterkarusell 2024-25, 7. løp.
Eikanger 5. april 2025
Arr.: Eikanger IL
Sol, fint ver, vindstille, berr veg,  +11-12° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Liam Eidsnes Phillips    7.06
2. Jo-Harald Færø    7.08
3. Øyvind Kleivdal    7.37
4. Trym Eknes    8.02
5. Tiril Eknes    8.07
6. Ferdinand Wakefield    8.26
7. Oliver Molland    8.27
8. Steinar Molland    8.27
9. Karl Vågstøl    8.42
10. Ørjan  Hansen    8.48

Ørjan Hansen.

Irene Fyllingen (nr. 9) og Matteo Hansen (5).

Irene Fyllingen    9.00
Matteo Hansen    9.03
Kennet Innvær    9.24
Olav Stordal Phillips    9.47
Terje Eidsnes    10.13
Aksel Vedå    10.16
Torbjørn Vedå    10.24
Isak Øvretveit Hosøy    10.34
Jan Kårbø    10.44
Svein Thorsheim    11.11
Amalie Leivestad    11.24
Mathilde Eneroth Høyland    11.28
Johanne Øvretveit    11.29
Atle  Kolbeinsen    11.42
Andrew Wakefield    11.51
Anny Sofie Kleivdal    13.33Terje Eidsnes og Aksel Vedå.

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Adelia Espetveit Eknes, Alva Karoline Eknes, Anna Eknes, Emre Eknes, Erik Arne Eknes, Grete Eknes, Kristin Eknes, Melina Espetveit Eknes, Sondre Eknes, Øystein  Eknes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Isabell Hansen, Arvid Hauge, Steinar Haukås, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Alfred Kleivdal, Maria Kleivdal, Ole Kleivdal, Bjørn Kårdal, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Merete Eidsnes Phillips, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Kjersti Skogseid, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Håvard Stusdal, Sivert Stusdal, Åge  Toft, Mona Tveito, Liv Reidun Sletten Vabø, Lea Wiik

I alt 81 deltakarar.Isak Øvretveit Hosøy.Amalie Leivestad (16), Mathilde Eneroth Høyland (9) og Johanne Øvretveit.

Neste løp:
Midten av oktober 2025. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest