Liam Phillips ny karusellvinnar
Postet av Stanley Hauge den 5. Apr 2025
STARTEN: Full fart ut frå start med Øyvind Kleivdal (nr. 26) aller fremst.
Liam Eidsnes Phillips (f. 2008) vann karusellavsluttinga etter eit spurtoppgjer med Jo-Harald Færø. I løpet 5. april var Tirill Eknes på ny raskaste kvinne.
DUELL: Liam Eidsnes Phillips vann med Jo-Harald Færø eit par sekund etter.
Liam låg litt etter Jo-Harald inn i den siste motbakken. Men etter ei sterk forsering nådde han att Jo-Harald like før oppløpssida inn mot mål. Med tida 7.06 vann han med to sekund og betre samtundes bestetida si med eitt sekund. FJERDE GONG: Tirill Eknes har vunne fire av dei fem løpa ho har starta i på Eikanger denne sesongen.
For Liam Eidsnes Phillips var det første sigeren i karusellen. Torill Eknes (f. 2007) var for fjerde gong denne sesongen raskaste kvinne. Med tida 8.07 var ho seks sekund etter personbeste.
NY PERSONLEG REKORD: Øyvind Kleivdal vart nummer tre og noterte ny personleg bestetid.
Tredje raskast i karusellavsluttinga var veteranen Øyvind Kleivdal som med 7.37 sprang seks sekund fortare enn han har gjort før på Eikanger.
TRIO: Ferdinand Wakefield (t.v.), Steinar (22) og Oliver (21) Molland.
Etter nokre løp med surt ver etter nyttår, var det på laurdag strålande sol og flotte forhold. 81 løparar stilte til start, det nest meste denne sesongen. I alt har det vore 535 startar i 2024-25, og det er vel 80 fleire enn førre sesong.
To personar runda 300 startar og vart premierte for det. Terje Eidsnes har no kome oppi 305 startar og Sverre Solberg i 303. Bente E. Fyllingsnes fekk premie for å ha passert 75 startar. FLITTIGE DELTAKARAR: Frå venstre: Sverre Solberg, Terje Eidsnes, Bente Fyllingsnes, Atle Kolbeinsen, Lene Reigstad Danielsen, Ingeborg Reigstad Danielsen og Erik Arne Eknes.
Lene Reigstad Danielsen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Erik Arne Eknes, Atle Kolbeinsen og Gustav Ansnes Færø fekk premiar for å ha passert 30 startar.
Ei lang rekkje deltakarar fekk medaljar for å ha delteke i tre eller fleire løp i sesongen som vart avslutta laurdag. Dessverre var det berre halvparten av si som skal ha gullmedalje for 6 og 7 sju startar som fekk medaljen sin laurdag, då arrangøren ved ein feil ikkje hadde teke med seg mange nok medalje. Så til dei er trøysta at det vert gullutdeling ved det første løpet til hausten.
Vinterkarusell 2024-25, 7. løp.
Eikanger 5. april 2025
Arr.: Eikanger IL
Sol, fint ver, vindstille, berr veg, +11-12° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Liam Eidsnes Phillips 7.06
2. Jo-Harald Færø 7.08
3. Øyvind Kleivdal 7.37
4. Trym Eknes 8.02
5. Tiril Eknes 8.07
6. Ferdinand Wakefield 8.26
7. Oliver Molland 8.27
8. Steinar Molland 8.27
9. Karl Vågstøl 8.42
10. Ørjan Hansen 8.48
Ørjan Hansen.
Irene Fyllingen (nr. 9) og Matteo Hansen (5).
Irene Fyllingen 9.00
Matteo Hansen 9.03
Kennet Innvær 9.24
Olav Stordal Phillips 9.47
Terje Eidsnes 10.13
Aksel Vedå 10.16
Torbjørn Vedå 10.24
Isak Øvretveit Hosøy 10.34
Jan Kårbø 10.44
Svein Thorsheim 11.11
Amalie Leivestad 11.24
Mathilde Eneroth Høyland 11.28
Johanne Øvretveit 11.29
Atle Kolbeinsen 11.42
Andrew Wakefield 11.51
Anny Sofie Kleivdal 13.33Terje Eidsnes og Aksel Vedå.
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Adelia Espetveit Eknes, Alva Karoline Eknes, Anna Eknes, Emre Eknes, Erik Arne Eknes, Grete Eknes, Kristin Eknes, Melina Espetveit Eknes, Sondre Eknes, Øystein Eknes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Isabell Hansen, Arvid Hauge, Steinar Haukås, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Alfred Kleivdal, Maria Kleivdal, Ole Kleivdal, Bjørn Kårdal, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Merete Eidsnes Phillips, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Kjersti Skogseid, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Håvard Stusdal, Sivert Stusdal, Åge Toft, Mona Tveito, Liv Reidun Sletten Vabø, Lea Wiik
I alt 81 deltakarar.Isak Øvretveit Hosøy.
Amalie Leivestad (16), Mathilde Eneroth Høyland (9) og Johanne Øvretveit.
Neste løp:
Midten av oktober 2025.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Siste fra Stanley Hauge

Vinterkarusell 15. mars – løp nummer 350
01.03.2025

Færø-sysken raskast i vinterkarusellen
08.02.2025

Vinterkarusell laurdag 8. februar
02.02.2025

Unge vinnarar i nyttårskarusellen
11.01.2025