Skulestemner med over 650 startar
Postet av Stanley Hauge den 29. jun 2026

Preben Eide vinnar på 60m i 10. klasse med 7,9. Ilian Myhr fekk 9,0 og Martin Raknes 9,1.
Ostereidet ungdomsskule arrangerte første veka i juni dei årlege skulestemnene. I brukandes vêr vart det to dagar med gode forhold for vel 200 deltakarar som gjennomførde i alt over 650 startar. Ei rekkje gode resultat vart oppnådde.
Første stemnet var for barneskulane i området, Eikanger, Leiknes og Ostereidet. I alt ca. 130 elevar i 5. til 7. klasse deltok. Øvingane var 60m, lengde, kule.
Det var ungdomsskulen med lærarar og elevar som arrangerte stemnet.
Ungdomsskuleelevane konkurrerte i dei same øvingane pluss 800m seinare i veka.
I 8. klassen for gutar var Eskil Torsvik best i alle dei fire øvingane. Han oppnådde mellom anna 8,3 på 60m og 4,70 i lengde.

Adrian Myhr vann 60m i 9. klasse på 8,0. Sjur Aasgard sprang på 8,8 og Doaren Merlin-Sannes 9,1.
I 9. klasse sikra Adrian Myhr seg tre sigrar, på 60m, lengde og 800m. Beste resultatet oppnådde han i lengde med 4,43, medan han sprang 60m på 8,0.
Raskast av alle på 60m var Preben Eide i tiandeklasse – med 7,9.I lengde i denne klassen ar Nathaniel Hosøy best med 4,75.

Gutar i 10. klasse. Nathniel Hosøy (t.h.) 8,1, Andre Espevoll (midten) 8,5 og Brian Dalland 8,3.

Michelle Haukås oppnådde 9,4 på 60m, medan June Vedå fekk 10,0.
I 10. klasse for jenter tok Michelle Helland Haukås tre sigrar, på 60m , 800m og kule. På 60m hadde ho 9,4 og i kule 8,57. Raskast tid av alle jentene på 60m hadde Martha Kvestad med 8,7 i 9. klasse. Beste kulestøt hadde Mariell Toft med 8,92 med trekiloskula i 9. klassen.
Alvin Wakefield var raskast i dette hitet i 9. klasse med 8,7. Liam Toft fekk 8,9 og Humam Mihem 9,1.
EIL-ungdomsskulestemne-3.6.2026.pdf
Barneskulestemnet
I barneskulestemnet hoppa 5. klassingen Anton Johan Westervik Sudmann 3,96 i lengde. Henrik Fammestad oppnådde 8,13 i kulestøyt. I 6. klasse vann Adrian Lima Horn 60m på 8,7 og Anton Nikolai Vedå lengde med 4,00.
Borys Pieczkowski i 7. klasse vann 60m på 8,4 og lengde med 4,75.
Oline Langeland i 5. klasse vann lengde med 3,12, 60m på 10,2 og kulestøyt med 6,77. I 6. klasse vann Ada Fjelltveit Blindheim 60m på 9,5 og lengde med 3,57.
Alva Otilie Knoff Birkely vann kule i 7. klasse med 8,79.
Premiane til stemnet var det Eikanger IL som stod for.
EIL-barneskulestemne-2.6.2026.pdf
Seriestemne 25. juni
Torsdag 25. juni vart det arrangert friidrettsstemne på Ostereidet med med deltakarar frå fem år og oppover til pensjonsalder.
11-årige Henrik Fammestad hoppa 3,38 i lenge og sprang 60m på 9,9. Oline Langeland, også ho i 11-årsklassen, oppnådde 3,27 i lengde, 10,1 på 60m og 7,01 i kulestøyt.
17-årige Linus Hernebäck Andersson frå Norna/Salhus sprang 600m på 1.28,5. Han var dermed berre 1/10 frå banerekorden som Narve Nordanger sette i 1979. Vår eigen veteran, Jo-Harald Fæeø, sprang 600m på fine 1.35,9.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Friidrettsstemne torsdag 25. juni
20.06.2026
Ny Færø-dobbel i karusellfinalen
12.04.2026
Svein Roar Kvamme – djupt sakna
21.03.2026
Bjørn H. Nævdal ny karusellvinnar
07.03.2026