Jubileumsstemne med Eikangerløpet 26. august
Postet av Stanley Hauge den 4. Aug 2025
I august i år er det 50 år sidan grusbana på Ostereidet vart opna. Tysdag 26. august vert det jubileumsstemne der Eikangerløpet – 5000m – vert ei av øvingane. Det vert også 60m, 600m, lengde og kulestøt.
Stemnet startar kl. 18.00. Eikangerløpet tek me sikte på skal starta kl. 19.00.
Dei første øvingane vert kulestøt, lengde, 60m og 600m.
Øvingar og klassar:
Kulestøt: gutar og jenter, kvinner, menn og veteranar.
60m: Gutar og jenter frå rekrutt (6 år) og oppover.
600m: Gutar og jenter frå 10 år og oppover.
Lengde: Gutar og jenter frå rekrutt (6 år) og oppover.
Sjå: vips til: https://isonen.no/event/cm10jmnyn00ywrevychw0r04t/
Grusbane-Ostereidet-50-nett.pdf
Eikangerløpet
Det vert 46. gong Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet.
Påmelding kan skje løpsdagen frå kl. 17.00, via isonen (sjå lenkje over) eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan søndag 24. august kl. 23.00. Startkontingent kr 100,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536
Litt om løpet
Dette løpet passar både for aktive friidrettsutøvarar og for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana.
Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 17 deltakarar.
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021.
Arvid Hauge har vore med 44 gonger og Inge Nævdal 37 gonger. Elles har Sverre Solberg 32 og Bjørnar Eidsheim 31 startar, Gunnar Hauge 26 og Hele Færø 23.
Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.
Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.
Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.
Eikangerløpet-deltakarar 1979-2024.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge