Strålande karusellavslutting og jubileumsløp

Lagt ut av Stanley Hauge den 1. Mai 2022

START i NY PORT: Den nyopprusta vegen inn til Eikanger skule, med eige gangfelt, gjorde det litt trangt med 32 løparar til start. Men det gjekk greitt.


Karusellavsluttinga på Eikanger 1. mai vart strålande på 70-årsdagen for Eikanger IL. 139 deltakarar såg Johannes Hopland vinna for andre gong på rad. Live Færø Linde vart den yngste som nokon gong har vore raskast i kvinneklassen.


SIGRA PÅ NY: Johannes Hopland vann for andre gong på rad med ny personleg rekord i karuselløypa.


Johannes Hopland noterte med 6.31 ny personleg bestenotering med fire sekund. Det er også den beste vinnartida i karusellen denne sesongen. Han var lenge pressa av veteranen Jo Harald Færø som tangerte årsbeste med 6.34. 



UNG OG RASK: Live Færø Linde i midten her spurtar mot mål mellom bestefar Einar Færø (nr. 11) og Are Flekke (nr. 20).


Men Færø-gjengen kunne jubla for Live Færø Linde (f. 2013) som den yngste jenta som har vore raskast i kvinneklassen. Ho gjorde eit kjempeflott løp på 8.16. Tanta hennar, Bertine Helene Færø, vann første løpet hausten 2002 då ho var knapt ti år gamal, og var den yngste vinnar før Live.


NYE BESTENOTERINGAR: Eivind Langøy (fremst) og Idar Odland sette begge solide nye personlege rekordar.


Det var mange fine resultat under dei gode forholda. Eivind Langøy (f. 2005) på tredjeplass betra bestetida si med 26 sekund til 6.45. Eitt år yngre Idar Odland (f. 2006) med 6.49 var 18 sekund raskare enn nokon gong før. Og det med Bergen City Maraton i beina frå dagen før.


Sondre Langøy.


Fleire unge sette personlege løpsnoteringar. Ludvig Færø Linde på 7.34, Sondre Langøy 7.53, Sondre R. Eidsnes 8.44, Sjur Øren Heggernes 8.51, Gustav Andsnes Færø 8.59 og Ronja Holm-Livden 9.49. Ronja var dermed nest raskaste jente.


NEST RASKAST: Ronja Holm-Livden var nest raskaste jente i karusellavsluttinga.


Tredje raskaste kvinne var veteranen Ingunn Kvalsvik med 11.21, med framgang på over  minuttet frå førre gong ho deltok.


Jubileum
Karuselløpet var også ei markering av 70-årsjubileet til Eikanger IL. To av ei som var med på skipinga i 1952, Kristian Bjørge og Leiv Eidsnes, var til stades ved arrangementet søndag. Dei fortalde litt om skipinga i Bøndernes hus og på utstillingsplassen øvst i Eikangerbrekkene (mot Høyland/Myking). Leiv trekte fram høgdestemnene på Ostereidet i 1976 då Terje Totland kvalifiserte seg til Montreal-OL som høgdepunktet  i idrettslaget si soge.


Dagens leiar i EIL, Robert Lorang Hansen, fortalte kort om aktiviteten i laget i jubileumsåret og at kunstgrasbana på Ostereidet, skal få ny matte i løpet av sommaren. Leiar i friidrettsgruppa, Jo Harald Færø, orienterte om friidretten og planane for sesongen.  


Heidersteikn til Audun og Gunnar Stusdal     


Nest høgaste deltaking

Med 139 startande, 32 i løpsklassen og 107 utan tid, var dette det nest høgaste deltakartalet som har vore i vinterkarusellen. Aller flest var med i jubileumsløpet i 2019 med 192 på startstreken. 


Det var gledeleg at svært mange frå eikangerbygda hadde teke turen til karusellavsluttinga og jubileumsmarkeringa, seier Stanley Hauge i arrangørgjengen. 


TAKK!

Me takkar alle medhjelparane som stilte opp og stod for avviklinga, og ikkje minst dei som stod for servering av heimebakst, kaffi,  brus m.m. Det såg ut til at dei frammøtte sette pris på serveringa i det gode vårveret.


Flittige karuselldeltakarar premierte


Vinterkarusell 2021-22, 7. løp.

Eikanger 1. mai 2022

Arr.: Eikanger IL

Berr veg. Sol og lettskya fint ver,  + 12-14° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1.Johannes Hopland    6.31

2. Jo Harald Færø    6.34

3. Eivind Langøy    6.45

4. Idar Odland    6.49

5. Magnus Johan Færø    7.28

6. Ludvig Færø Linde    7.34

7. Sondre Langøy    7.53

8. Are Flekke    8.16

8. Live Færø Linde    8.16

10. Einar Færø    8.17


11. Bjørnar Eidsheim    8.21

12. Helge Færø    8.22

13. Nikolai Færø    8.42

14. Sondre R.  Eidsnes    8.44

15. Anders Eidsnes    8.50

16. Sjur Øren Heggernes    8.52

17. Gustav Ansnes Færø    8.59

18. Terje Eidsnes    9.28

19. Jan Kårbø    9.43

20. Ronja Holm-Livden    9.49


 Brynjar Nordanger    10.09

Ove Danielsen    10.17

Arvid Hauge    10.37

Ingunn Kvalsvik    11.21

Rikke Færø  Linde    11.29

Sara R. Færø Linde    11.29

Vilde Holm-Livden    11.36

Sverre Solberg    12.11

Syvert Søyland Askvik    12.20

Tanita Sperrevik    12.43

Andrew Wakefield    13.12

Alvin Wakefield    13.33

Trimmarar – utan tidtaking – på veg inn på den opprusta skulevegen, med den nye parkeringsplassen i bakgrunnen.


Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Kasper Alling, Oskar Alling, Fillip Alling, Martin Alling, Ingrid Søyland Askvik, Atle Austrheim, Ingevorg Bjørge Austrheim, Heidi Bjørge, Ida Kamilla Bjørge, Kristian Bjørge, Sissel Bjørge, Anne Edith Stusdal Bratten, Britt Reigstad Clausen, Åge  Clausen, Trym Corneliussen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Harry Finseth, Alma Solheim Fjordheim, Byrge Solheim Fjordheim, Kristine  Fjordheim, Lavrans Solheim Fjordheim, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Knut Magne Hauge, Sofie Haugland Hauge, Solveig Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Anne Kari  Holm, Jan Bertel  Holm, Tirill Holm-Livden, Johan Stusdal Holmen, Dagfinn Hope, Gunnvor Hope, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Åse Hølleland, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Amund Langøy, Norvald Langøy, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Margit Holm Lavik, Inge Leknes, Noor Lesaffre, Johan Lesaffre, Frida Færø Linde, Lorentz Linde, Anette Livden, Inger M. Nordland, Ivar Nordland, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Eira Stusdal Nygård, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Christine Gabrielsen Skjelanger, Felix Skjelanger, Fredrik Skjelanger, Frode Helland Skjelanger, Ulrik Skjelanger, Bjarte Gees Boken Solheim, Cato Sperrevik, Sindre Andreas Sperrevik, Tone Sperrevik, Anne Marit Stusdal, Edith Stusdal, Gunnar Stusdal, Olaf Svendsen, Elise Søyland, Tomine Thomsen, Erlend Titland, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Laila Toft, Åge  Toft


I alt 139 deltakarar.


Neste løp:

Hausten 2022

UT FRÅ START: Johannes Hopland tok teten ut frå start og vann løpet. Eivind Langøy (nr. 1) og Idar Odland (nr. 9) følgjer nærmast.


Idar Odland.

Brynjar Nordanger (fremst) med Gunnar Stusdal like bak.


Ludvig Færø Linde.

Jan Kårbø - veteran som trufast deltek i karusellen.


Nikolai Færø.


Gustav Andsnes Færø i den nye flotte drakta til Eikanger IL friidrett.


Sondre Eidsnes.

Anders Eidsnes fremst, med Sjur Øren Heggernes like bak. Sjur sette flott ny personleg rekord.

Terje Eidsnes har fleire startar enn nokon andre i karusellen. 286 gonger har han delteke.


Veteranane Helge Færø (t.v.) og Bjørnar Eidsheim.



Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.