Friidrettstemne tysdag 27. august
Postet av Stanley Hauge den 21. Aug 2019

Tysdag 27. august med start kl. 18.30 vert det friidrettstemne på Ostereidet. Friidrettsgruppa inviterer jenter og gutar frå 5-6 år og oppover til sommarkarusell og det vert seriestemne for vaksne.
27. august sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
Øvingar: 40m (60m) og lengde.
På seriestemnet same kveld vert det 3000m med start ca. kl. 19.45. Evt. også lengde og kastøving.
Neste trening for rekruttane vert
3. september kl. 18.30-19.30
10. september sommarkarusell, start kl. 18.00, påmelding frå kl. 17.45
øvingar kjem seinare
Startkontingent på sommarkarusellane: kr 20,00 per deltakar
Me treng medhjelparar
For å få ei god avvikling av sommarkarusellane treng me medhjelparar. Me oppmodar foreldre til å hjelpa til med tidtaking, måling m.m.
Det vil også vera hyggeleg om noko kan vera med på treningane slik at me vert fleire til å ta oss av dei ivrige rekruttane.
Vel møtt på idrettsbana på Ostereidet.
Premiering
Som tidlegare år vert det premieutdeling etter sesongen med premie til alle som deltek. Kanskje vert det også nokre premieoverraskingar på dei enkelte stemnene.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Førjulskarusell 13. desember på Eikanger
04.12.2025
Vinterkarusell laurdag 15. november
06.11.2025
Phillip Morken suveren i karusellopninga
18.10.2025
Vinterkarusellen startar laurdag 18. oktober
07.10.2025
Færø-dominans i Eikangerløpet
27.08.2025