Spar Mongstad sponsa startnummer til karusellen

Postet av Stanley Hauge den 24. Okt 2019

Butikksjef Camilla Bogetveit og butikkmedarbeidar Terje Eidsnes satsar på at Spar Mongstad skal vera nummer ein butikk ved Mongstadkrysset. Dei viser her korleis dei nye karusellstartnummera ser ut.

Til det første løpet i vinterkarusellen 12. oktober hadde me gleda av å ta i bruk nye startnummer sponsa av Spar Mongstad. Friidrettsgruppa i Eikanger IL takkar butikken for den rause gåva.

Neste gong nummera skal i bruk er ved den andre karusellen laurdag 2. november.

Dei nye startnummera er fargerike, med Spar sine fargar i raudt og grønt, og ikkje minst: Dei har gode, lange snorer til å knytast fast på kroppen med. 

Me har no 200 nye nummer til bruk. Ved kvart løp vart nummer 1-100 brukt til dei som skal springa på tid, og nummera 101-200 til dei som deltek utan tidtaking. Dette gjer det lettare for tidtakarane å halda oversikt når løparane kjem i mål.

Spar Mongstad
Spar Mongstad ligg ikkje direkte i nærområde til Eikanger IL. Butikken synest likevel det er fint å kunna sponsa startnummer, seier butikksjefen, Spar kjøpmann Camilla Bogetveit.

Butikken som ligg i Mongstadkrysset var etablert der for ni år sidan. Med plasseringa rett ved dei store arbeidsplassane i området, er det mange arbeidarar derifrå som er innom butikken. Og mellom desse er det også mange frå området til Eikanger IL, seier Bogetveit.

Det talde sjølvsagt også positivt for sponsinga at deltakaren med flest startar i vinterkarusellen – Terje Eidsnes – jobbar ved Spar Mongstad.

Tre Spar-butikkar
Butikksjef Bogetveit fortel at det er tre Spar-butikkar i Nordhordland. Dei to andre er i Isdalstø og på Hosteland.

Hugs: Lever startnummeret etter løpet

– Me ber om at alle som deltek i karusellen, leverer inn startnummeret rett etter løpet. Me vil følgja nøye med på at det skjer. Komplett nummerserie gjer det enklare for oss å halda oversikt over kor mange som deltek og me får kjappare oversikt over kven som er trekte ut til premie på startnummer, seier Stanley Hauge i arrangørgjengen.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.