Bertine-Helene knuste karusellrekorden
Postet av Stanley Hauge den 2. Nov 2019
NY REKORD: Bertine-Helene Færø i flott driv mot ny løyperekord.
Bertine-Helene Færø knuste rekorden for damer i vinterkarusellen på Eikanger 2. november. For tre veker sidan tangerte ho løyperekorden til søstera Sara-Rebekka Færø Linde. Laurdag sprang ho seks sekund fortare. Den nye rekorden er på 7.04.
NY SIGER: Jo-Harald Færø tok ein ny siger i karusellen.
Ho fekk god drahjelp i løpet av broren Jo-Harald Færø som var raskast av alle med 6.50. Eit par unge gutar pressa henne også sterkt, men enda fire-fem sekund bak.
For 29. gong var Bertine-Helene raskaste dame i karusellen, medan Jo-Harald var raskast for 18. gong. Første gong Bertine-Helene var raskast i karusellen var 12. oktober 2002 på tida 11.46 – då var det enno vel eit par månader til ho vart ti år.
FULL FART: Kristoffer N. Apelthun Færø i teten i full fart rundt første sinvg, med Johannes Hopland, Jo-Harald Færø og Bertine-Helene Færø like bak.
Kristoffer N. Apelthun Færø i 16-årsklssen sette ny personbeste med 7.08, og to år yngre Johannes Hopland med 7.09 pynta også kraftig på bestetida si. Veteranen Harald Marthinussen var med 7.26 fem sekund etter den vel fem år gamle bestetida si.
SESONGBESTE: Grethe Jørgensen sette sesongbeste med 7.52, berre tre sekund etter bestetida si.
SOLID FORBETRING: Kristin Romarheim sprang på 8.02 og er med det inne på topp-ti-lista for kvinner.
Av dei ti raskaste i løpet laurdag var fire kvinner, fleire enn nokon gong før. Grethe Jørgensen med 7.52 var nest raskaste kvinne berre tre sekund frå sin eigen rekord. Kristin Romarheim kutta over halvminuttet av bestetida si og fekk tida 8.02. 13-årige Amalie Kallestad sprang på 8.34, fortare enn nokon gong før. Og endå yngre Victoria Osen imponerte med 8.49, ein solid personbeste.
I FLOTT FRAMANG: Victoria Osen under ni minuttar for første gong.
Fleire unge gutar og jenter imponerte med flotte løp på gode tider, fleire av dei sette personbeste med mange sekund.
Alf Høyland vart laurdag den fjerde som kom opp i 250 startar i karusellen. Han har berre Terje Eidsnes (274), Sverre Solberg (270) og Steinar Haukås (257) føre seg på «flest-løp-lista».
LIKT OVER MÅL: Alf Kåre Mosland (32) og Elias sprang begge på 10.27.
103 personar stilte til start under fine forhold, med tørr og lett veg å springa på. Litt sjenerande var ein kjølig austavind.
Nest løp på Eikanger går laurdag 23. november.
Vinterkarusell 2019-20, 2. løp.
Eikanger 2. november 2019
Arr.: Eikanger IL
Sol, men skugge i det meste av løypa, austavind, + 8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø 6.50
2. Bertine-Helene Færø 7.04
3. Kristoffer N. Apelthun Færø 7.08
4. Johannes Hopland 7.09
5. Harald Marthinussen 7.26
6. Idar Odland 7.47
7. Grethe Jørgensen 7.52
8. Kristin Romarheim 8.02
9. Einar Skrede 8.31
10. Amalie Kallestad 8.34
DUELL: Kristoffer N. Apelthun Færø (fremst) og Johannes Hopland i duell. Begge sette nye personlege bestenoteringar i karusellen.
11. Andreas Iversen Lilleskare 8.38
12. Daniel Norheim 8.39
13. Jonas Marthinussen 8.42
14. Johan Austgulen 8.43
15. Jonas Iversen Lilleskare 8.46
16. Victoria Osen 8.49
17. Arvid Hauge 9.00
18. Jan Kårbø 9.25
19. Sjur Øren Heggernes 9.40
20. Ove Danielsen 9.43
OVERRASKA? Ove Danielsen ser overraska ut der han spring i ål på 9.43, heile eitt minutt og 20 sekund fortare enn i siste løpet i førre sesong (19.4.2019).
21. Eira Austgulen 9.52
22. Terje Eidsnes 10.05
23. Håvard Andre G. Oppedal 10.21
23. Bjarne Gausvik 10.21
25. Alf Kåre Mosland 10.27
25. Elias Mosland 10.27
27. Elias Øvretveit 10.37
28. Elias Dyrdal 10.44
29. Kjell Namtveit 10.49
30. Nora Blomberg 10.59
31. Syvert Søyland Askvik 11.00
32. Gustav Ansnes Færø 11.02
33. Gunnar A. Larssen 11.08
34. Håkon Rongved 11.42
35. Ingunn Kvalsvik 11.46
36. Sverre Solberg 12.26
37. Anna Ansnes Færø 12.57
38. Mette Ansnes 13.01
39. Tanita Sperrevik 14.30
40. Emil Olai Oppedal 16.23
STARTFELTET: 40 personar – ei blanding av unge og litt eldre – stilte til start.
Utan tid (63 personar):
Olav Alme, Ingrid Søyland Askvik, Ivar Askvik, Håvard Austgulen, Werner Blomberg, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Sander Ebbesen, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente Merete Færø, Einar Færø, Helga Marit Færø, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Jonathan Helgesen, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Kate Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Bjørn Mo, Cecilie Beate Mosland, Jonathan Mosland, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Cato Sperrevik, Laila Toft, Mariell Toft, Monica Toft, Åge Toft, Albert Vedå, Aksel Vedå, Anton Nikolai Vedå, Tone Marit Vedå
Neste løp:
Laurdag 23. november kl. 15.00
UNGE LØPARAR: Ein heil gjeng unge løparar imponerte med flotte løp på fine tider.
JUBEL: Syvert Askvik jublar ved målpassering.
VETERAN: Ingunn Kvalsvik sprang på 11.46.
BLANDA GJENG Ei fin blanding av deltakarar som sprang på tid og trimmarar utan tidtaking.
GAV ALT: Tanita Sperrevik har sett korleis ei målpassering skal gjerast for å få best mogleg tid. Ho fekk heia-hjelp av broren, som kan skimtast til venstre, inn mot mål.
SPURTA FRÅ UNGGUTANE. Bertine-Helene Færø spurta frå unggutane Kristoffer A- Færø (39) og Johannes Hopland (10) på veg til den nye løpsrekorden sin.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Unge vinnarar i våt karusell
16.11.2024
Vinterkarusell laurdag 16. november
11.11.2024
Veteransigrar i karusellopninga på Eikanger
19.10.2024
Vinterkarusellen startar laurdag 19. oktober
13.10.2024
Nævdal og Færø best i Eikangerløpet
06.10.2024
Eikangerløpet 6. oktober på Ostereidet
30.09.2024