Medaljeutdeling for karusellen 2021-22
Postet av Stanley Hauge den 27. Apr 2022
47 personar har delteke tre eller fleire gonger i vinterkarusellen 2021-22 og har med det sikra seg medalje. Heile 40 personar står med to startar. Dei får bronsemedalje om dei deltek i det siste løpet 1. mai.
I alt har 207 personar delteke i dei seks løpa som har vore arrangerte denne sesongen. 13 av dei har alt sikra seg gullmedalje då dei har delteke i alle løp.
Sjekk kor mange løp du har i 2021-22.pdf (pdf-fil)
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp. Utdeling skjer etter løpet på Eikanger 1. mai.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Sidan det er jubileumsløp vert det litt ekstra premiering.
Det vert også premiar til dei tre raskaste kvinne og mann i jubileumsløpet.
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Are og Tanita raskast i glatt karusell
04.02.2023
Karusell på Eikanger laurdag 4. februar
30.01.2023
Jo-Harald Færø for 25. gong
07.01.2023
Nyttårsløp på Eikanger laurdag 7. januar
29.12.2022
Idar Odland suveren karusellvinnar
10.12.2022