Are og Tanita raskast i glatt karusell

Postet av Stanley Hauge den 4. Feb 2023

STARTEN: Anders Eidsnes (nr. 16) i teten ut frå start. Tanita Sperrevik (11) opna også friskt.

Are Flekke var raskast i karusellen på Eikanger laurdag 4. februar. Tanita Sperrevik var raskaste kvinne. Begge dei to er nye vinnarar i karusellen.

MOT SIGER: Are Flekke rundar siste svingen i tet og sikra seg første karusellsigeren sin. Anders Eidsnes på andreplass.

Vinterkarusellen levde denne gongen opp til namnet. Med isete og til dels glatt føre i heile løypa og snø langs løypa, saman med temperatur nær null og kald vind, var det tunge forhold. På grunn av svært isete i første svingen etter startlangsida, valde arrangørane å senda løparane motsett veg av det vanlege. Det fungerte godt, ingen fall eller skader.

Veteranane Anders Eidsnes og Helge Færø vart nummer to og tre denne gongen.

Vinnartida til Are Flekke var 8.43, mindre enn halvminuttet etter det raskaste han sprang på i førre sesong under gode forhold. Men han har enno eit stykke att til bestetida si på 7.55 frå november 2014.

Flekke har no 79 startar i karusellen sidan han debuterte som niåring i 2005 med tida 16.30.

Tanita Sperrevik spring sjeldan på tid, men har delteke i alt 39 gonger.  Bestetida hennar er 13.33 frå oktober 2020.MOT HAMRANE: Løpet gjekk denne gongen motsett veg av det vanlege.

53 deltakarar stilte til start i dette femte løpet for sesongen. Neste løp går først om fem veker, 11. mars. Så vert det sesongavslutting med premieutdeling laurdag 1. april.FLOTT LØP: Magnus Golten Fyllingsnes gjorde eit godt løp på 10.57.

Vinterkarusell 2022-23, 5. løp

Eikanger 4. februar 2023

Arr.: Eikanger IL

Sprang løypa motsett retning av det vanlege, pg. glatte parti.

Skya, opphald, vinterføre – med glatt vegbane i ca. halve løypa,  +1-2° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Are Flekke    8.43

2. Anders Eidsnes    8.49

3. Helge Færø    9.19

4. Arvid Hauge    10.10

5. Terje Eidsnes    10.25

6. Jan Kårbø    10.39

7. Magnus Golten Fyllingsnes    10.57

8. Benjamin Helgesen    12.03

9. Steinar Haukås    12.05

10. Håkon Rongved    12.25

11. Kjell Namtveit    12.26

12. Sverre Solberg    13.34

13. Tanita Sperrevik    14.09

14. Isak Øvretveit Hosøy    14.26

15. Ruben Hosøy    14.27

16. Silje Golten Eikevik    15.33

17. Henrik Fyllingsnes    15.33

FAMILIESPURT: Benjamin Helgesen (nr. 4) spurta friskt i frå bestefar Steinar Haukås inn til mål.

Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm

Jan Halvard Edvardsen

Leiv Eidsnes

Bente E. Fyllingsnes

Håvard Fyllingsnes

Jan S. Fyllingsnes

Kristoffer W. Fyllingsnes

Laurits Golten Fyllingsnes

Oddvar Fyllingsnes

Venke Fyllingsnes

Stanley  Hauge

Kay Eric Haukås

Michelle Helland Haukås

Sølvi Iren Haukås

Jonathan Helgesen

Sebastian Helgesen

Mali Øvretveit Hosøy

Alf  Høyland

Elin  Høyland

Margrethe Høyland

Mathilde Eneroth Høyland

Odd Inge Høyland

Bjarte Larssen

Inge Leknes

Anne Lise Nordpoll

Even Nordpoll

Stian Nordpoll

Svein Nordpoll

Cato Sperrevik

Tone Sperrevik

Adrian Hansen Toft

Laila Toft

Monica Toft

Richard Toft

Åge  Toft

Johanne Øvretveit

I alt 53 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 11. mars 2023

VETERANAR: Håkon Rongved (nr. 5) og Kjell Namtvedt (15).

Tekst og foto: Stanley Hauge


2 Kommentarer

Kommentarer

  • Stanley Hauge

    Takk for kommentaren din, Gisle. Tur du er den første som nokon gong har sendt inn kommentar. Eg syntest det vr hyggeleg at Are gjekk til topps, han har vore med i karusellen sidan han var ni år. Ingen storløpar, men ein trufast deltakar - og som du skriv: Ein hyggeleg kar.

    06 februar 2023
  • Gisle Sellevold

    Gratulerer, Are! Han kjenner eg relativt godt - ein flott kar. Hadde eg budd i Nordhordland, skulle denne karusellen og den på Austrheim vore prioriterte. Eg er imponert over Stanley og dei andre friviljuge som skapar møtestader for trim og glede.

    06 februar 2023

Logg inn for å skrive en kommentar.