Heidersteikn til Audun og Gunnar Stusdal
Postet av Stanley Hauge den 2. Mai 2022
HEIDERSMEDLEMAR: Gunnar Stusdal (t.v.) og Audun Stusdal. PS: Litt i slekt, men ikkje brør.
Audun Stusdal og Gunnar Stusdal vart tildelte Eikanger IL sitt heidersteikn ved markeringa av 70-årsjubileet til laget søndag 1. mai.
Audun Stusdal fekk utmerkinga for mangslugen innsats i idrettslaget i meir enn 50 år. Gunnar Stusdal har vore aktiv i skimiljøet i Eikanger og Nordhordland i meir enn 40 år.
Leiar i Eikanger IL, Robert Lorang Hansen, stod for overrekkinga under jubileumstilskipinga på Eikanger søndag 1. mai.
Leiar i Eikanger IL i jubileumsåret, Robert Lorang Hansen (t.h.), overrekte blomar til første leiaren i laget, Kristian Bjørge (nr. 2 frå høgre), dei to nye heidersmedlemane Audun Stusdal og Gunnar Stusdal, og til Leiv Eidsnes (t.v.) som også var med då laget vart skipa i1952.
Gunnar Stusdal har vore leiar, nestleiar og medlem i skigruppa i laget i fleire tiår. Lysløypa på Gamlesætra i Romarheimsdalen, opna i 1990, ligg på Gunnar sin eigedom. Han var sentral i arbeidet med å få utvida løypa. Han har i heile perioden sidan løypa vart teken i bruk vore ei drivkraft og ein krumtapp med å halda løypa bruksklar så sant snøtilhøva tillet det.
Audun Stusdal har frå 1969 hatt ei rekkje verv. Han har vore med i skigruppa og friidrettsgruppa. Størst innsats gjorde han i økonomgruppa der han var leiar eitt år og medlem i nesten ti år. Han har vore konferansier ved ei rekkje tilskipingar som Osterfjorddagane, Storset opp og jubileumssamkomer. Like eins har han vore domar og funksjonær ved friidrettstemner. Han har også ein aktiv karriere i friidrett. Som 14-15 åring var han mellom dei fremste gutane i laget. I 1970 var han med på laget som sette klubbrekord på 1000m stafett.
I år er det 17 år sidan førre gong EIL sitt heidersteikn vart delt ut. Kanskje (truleg) er det fleire fortente kandidatar. Her er det opp til gruppene i laget å koma med forslag på kandidatar.
Krav til kandidatar
Heidersteiknet kan tildelast person som har vore medlem i Eikanger IL i minst 10 – ti – år, og som har utført framragande administrativt arbeid og/eller har framheva seg særleg i ei eller fleire sportsgreiner.
Medlemer som vert innstilte til heidersteiknet, må ha vist innsatsen sin for laget og dei sportslege føremål laget fremjar, på ein verdig og representativ måte.
Desse har fått tildelt Eikanger IL sitt heidersteikn:
1977 Kristian Bjørge
Leiv Eidsnes
Bjørn Jakob Bjørsvik
Kåre Eide
Olav Fyllingsnes
1978 Magnus Eidsnes
1979 Per Hølleland
1980 Stanley Hauge
1981 Terje Totland
1982 Atle N. Kirkekvik
1983 Leif Veland
1984 Svein Nesbø
1985 Sigmund Husdal
1986 Steinar Haukås
1992 Sylvi Askeland
Kari Eidsnes
Arvid Hauge
Asle Hindenes
Åsmund Kleiven
Arvid Løndal
2002 Atle Austrheim
Bjørn Dyrkolbotn
2003 Rune Marthinussen
2005 Grethe Titland
Gunnar Hauge
2022 Audun Stusdal
Gunnar Stusdal
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Are og Tanita raskast i glatt karusell
04.02.2023
Karusell på Eikanger laurdag 4. februar
30.01.2023
Jo-Harald Færø for 25. gong
07.01.2023
Nyttårsløp på Eikanger laurdag 7. januar
29.12.2022
Idar Odland suveren karusellvinnar
10.12.2022