Unggutar best i karusellavsluttinga

Postet av Stanley Hauge den 1. Apr 2023

STARTEN:Johannes Hopland tok teten frå start (nr. 11), føre Idar Odland (nr. 1).

To unge gutar og ein veteran kjempa om sigeren i den siste vinterkarusellen for sesongen. Det vart ungguten Johannes Hopland som vann, sterkt pressa av veteranen Jo Harald Færø. Grethe Jørgensen var raskaste kvinne for 43. gong.

SIGER OG PERSONBESTE: Johannes Hopland noterte 6.25, den 13. beste tida i karusellen nokon gong.

Johannes Hopland i 18.årsklassen (f. 2005) noterte med 6.25 ny personbeste  i karuselløypa. Han var seks sekund føre Jo Harald Færø i MV2 (40-44 år). Jo Harald sprang fortare enn på fleire sesongar og  var berre fire skund etter bestetida si frå 2002.

STERK VETERAN: Jo Harald Færø sprang nesten like fort som for 20 år sidan.

Idar Odland (f. 2006) vart nummer tre med tida 6.36 som var ei betring av bestetida hans med ni sekund.

NY PERSONBESTE: Idar Odland betra bestetida si med ni sekund.

For Johannes Hopland var det fjerde gongen han gjekk til topps i karusellen. Første gongen han vann var i det siste løpet som vart arrangert før koronaen stoppa aktiviteten hausten 2020.

MESTVINNANDE:Grethe Jørgensen har vore raskaste kvinne i karusellen heile 43 gonger.

Grethe Jørgensen var for første gong raskaste kvinne i karusellen 15. oktober 2011 med tida 9.05. Vel 12 år seinare var vinnartida hennar 8.38. VETERANAR: Jan Kårbø og Merethe M. Odland er flittige deltakarar i karusellen.

Forholda var fine ved det siste karuselløpet for sesongen 2022-23. Sol, tørr veg og vindstille gjorde at det var mange deltakarar som noterte sesongbeste. Ein av dei var Magnus Golten Fyllingsnes i 2012-klassen som med 10.09 nesten kom seg under 10-minuttarsgrensa.

Leiv Eidsnes fekk premie for å ha delteke meir enn 250 gonger i karusellen. 255 startar har han til no. Kjell Namtveit fekk premie for 30 startar, han har 31 etter denne sesongen.

Flest startar av alle har Terje Eidsnes med i alt 292, tett følgd av Sverre Solberg med 291. Venke Toft Fyllingsnes toppar med 172  startar lista for kvinner, følgd av Grethe Titland med 166 og Margrethe Høyland med 139.

63 personar stilte til start på Eikanger laurdag 1. april. Denne sesongen har det berre vore fleire deltakarar ein gong, i det første løpet i fjor haust. 

Vinterkarusell 2022-23, 7. løp.
Eikanger 1. april 2023
Arr.: Eikanger IL
Sol, berr veg, fine forhold  +7-8° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Johannes Hopland    6.25

2. Jo Harald Færø    6.31

3. Idar Odland    6.36

4. Vebjørn Haugsdal    8.05

5. Anders Eidsnes    8.07

6. Bjørnar Eidsheim    8.21

7. Grethe Jørgensen    8.38

8. Håvard Fyllingsnes    9.04

9. Alf Fjellstad    9.37

10. Terje Eidsnes    10.03

11. Magnus Golten Fyllingsnes    10.09

12. Jan Kårbø    10.32

13. Merethe M. Odland    10.36

14. Atle  Kolbeinsen    11.18

15. Kjell Namtveit    11.30

16. Andrew Wakefield    12.13

17. Sverre Solberg    12.32

18. Mathilde Eneroth Høyland    14.24

19. Renate Eneroth    14.25

TRIMMARAR: Dei fleste deltakarane tek turen rundt Eikangervågen utan tidtaking.

Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Henrik Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Laurits Golten Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Anne Grethe Hølleland, Åse Hølleland, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Malin Marthinussen, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Fiona Skommedal, Morgan Skommedal, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Åge  Toft

I alt 63 deltakarar.

Neste løp:
Oktober 2023. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.