Uttekne til krinskamp i friidrett
Postet av Stanley Hauge den 28. Aug 2024
Denne gjengen er uttekne på krinslaget i friidrett, frå venstre: Mari Romarheim, Helena Algrøy, Preben Aanstad Eide og Brian Dalland.
Sju elevar frå Ostereidet-krinsen er tekne ut til krinskamp i Ålgård, Rogaland, helga 6-8. september.
Fire av dei uttekne har takka ja til å delta: Mari Romarheim, Helena Algrøy, Preben Aanstad Eide. og Brian Dalland. Jentene er 13-årsklassen og gutane er i 14-årsklassen. Jentene skal delta i kulestøyt, medan Preben skal delta i ei eller fleire sprintøvingar og kanskje også lengde. Brian skal vera med på 60m og kule.
Det er resultat oppnådde på skulestemnene før sommarferien som har ført til uttakinga.
Ved skulestemnet støytte Helena Algrøy 9,47 og Mari Romarheim 9,06 med tokiloskula. Preben Aanstad Eide sprang 60m på 8,1, hoppa 4,31 i lengde og støytte 9,08 i kule. Brian hadde 8,6 på 60m og 8,28 med firekiloskula.
På seriestemnet på Ostereidet tysdag 27. august sprang Preben på 8,2 på 60m og støytte 9,80 i kule. Brian oppnådde 8,6 på 60m og 8,87 i kule.
Helene Algerøy greidde 9,10 i kule og Mari Romarheim 8,49.
Det var regnbyer, våte og sure forhold ved stemnet.
Me ynskjer dei fire sprekingane lukke til med turen og stemnet på Ålgård.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Unge vinnarar i våt karusell
16.11.2024
Vinterkarusell laurdag 16. november
11.11.2024
Veteransigrar i karusellopninga på Eikanger
19.10.2024
Vinterkarusellen startar laurdag 19. oktober
13.10.2024
Nævdal og Færø best i Eikangerløpet
06.10.2024
Eikangerløpet 6. oktober på Ostereidet
30.09.2024