Barske gleder i Sørfjorden Halvmaraton

Postet av Ove Leon Låstad den 4. Okt 2025

Av 800m påmelde var det 569 barskingar som stilte til start denne lørdagen på Garnes i den 6.utgåva av Sørfjprden halvmaraton, der etterdønningane etter ekstremværet Amy la ein demper på arrangementet. Likevel, Amy tok ikkje knekken på løpsgleda. Det var motvind frå start og innover mot Takvam, men derifrå var det ikkje så mykje vind inn til vending på Risnes. På returen fekk løparane fin medvind frå Takvam til mål, Regnet piska godt under heile løpet. Heldigvis var det ikkje for kaldt.

Ikkje uventa var det Senay Fissehatsion frå Oslo-klubben Tjalve som kom først i mål. Han tok like godt å smadra den gamle løyperekorden til Marius Vedvik på 1:06:20 frå 2023. Senay sprang på 1:04:32 og var berre halvminuttet bak sin årsbeste på 1:04:02 sett i København 14.september. Persen til Senay lyder på 1:02:47. 

Beste Fri-løpar var Jarand Blom på 6.plass med årsbeste 1:11:16.

Av damene så var det Helene Hope, Haugesund IL som tok sigeren med ny pers på 1:19:16, berre 31 sekund bak løyperekorden til Lina Rivedal frå 2023. Lenke til komplett resultatliste: https://live.eqtiming.com/74682#result:308098-0-1329095-1-1-

I alt 6 løparar braut løpet, slik at antalet som fullførte blei 563. Statistikken under viser kor mange som har løpt innanfor dei ulike tidsintervalla. Det er imponerande å lese tala for 2025. Ein skulle ikkje tru at det gjekk an å oppnå så bra resultat under dei rådande forholda. 

Ant: /
År
<1:10<1:20<1:30<1:40<1:50<2:00Ant. i mål
2025250169304412480563
2024443187301417491576
2023540144225300333376
2022121112173234264305
2021236106175232266301
202012575115136151176


Lenke til stormfull reportasje i lokalavisa Bygdanytt: https://www.bygdanytt.no/sport/i/Av62WE/soerfjorden-halvmaraton-amy-edition

Følg med på arrangementet sin Facebook-side https://www.facebook.com/profile.php?id=100064191036370 så kjem det nok ein stor fotoreportasje der også.

Likeeins, følg med på https://www.kondis.no

Tusen til alle funksjonærane, deltakarane og publikum som stilte opp i Sørfjorden halvmaraton i dag! Dokker er nokre skikkelege barskingar alle saman!!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.