Fleire prisar til IL Fri under friidrettsgallaen
Postet av Ove Leon Låstad den 26. Okt 2025
Hordaland Friidrettskrets arrangerte sin årleg friidrettagalla på Hotel Scandic Ørnen i går kveld. Det blei mykje heider og ære til IL Fri med heile 4 individuelle prisar og 1 klubbpris.

På biletet ser vi Ingunn G. Jacobsen (nr.2 frå høgre) med diplomet for årets foregangsklubb 2025. Til venstre for henne Audun Lavik, Ask friidrett og prisutdelarane Tone Stavland (nestleiar i Vestland idrettskrets) og Peer Jarnung (styreleiar i Hordaland friidrettskrets). Heilt til høgre, konferansier Atle Tellevik.
Juryen sin grunngjeving for årets foregangsklubb var mellom anna at IL Fri tilbyr eit omfattande og variert arrangementstilbod gjennom heile året både på og utanfor bane. I tillegg har IL Fri eit trenings- og aktivitetstilbod for alle aldersgrupper. Til EM U23 på Fana stadion i sommar mønstra IL Fri fleire nøkkelpersoner i den lokale organisasjonskomiteen, samt at klubben mobiliserte sterkt med over 40 frivillige (inklusiv dommarar) under meisterskapen midt i fellesferien. Dessutan framhever IL Fri seg i friidrettskretsen sitt arbeid med både eitt styremedlem og fleire utvalsleiarar.
Dei individuelle prisvinnarane er:
- Marit Austnes - årets frivillige i Hordaland Friidrettskrets for sin innsats som leiar av dommarutvalet i friidrettskretsen, ansvarleg for rekruttering av alle dommarane til EM U23, pluss at ho er aktiv som dommar på både store (i 2025: Trond Mohn Games, senior-NM og junior-NM) og små arrangement.
- Vigdis Gaupholm Reigstad - årets masters i Hordaland Friidrettskrets for sin mangeårige innsats som aktiv veteran i konkurransar både på og utanfor bane. Ho er også ein viktig miljøskaper i IL Fri og organiserer faste treningar for veterangruppa i løp. Administrativt tok ho på seg ein rolle i den lokale organisasjonskomiteen for EM U23.
- Ove Leon Låstad - tildelt Norges Friidrettsforbunds diplom for administrativ innsats. Han har meir enn 25 års erfaring som arrangementsansvarleg i IL Fri. På cv-en står styreverv i både friidrettsgruppa, friidrettskretsen og Bergensalliansen, pluss ei lang rekkje med roller i ulike arrangementskomitear for desse 3 organisasjonane.
- Christer Sælen - årets trenar i Hordaland Friidrettskrets. Som Fri-medlem er han trenar for kvinnene i mellom- og langdistansegruppa i Varegg. Heile 3 av utøvarane hans deltok i EM U23.
Totalt blei det delt ut 21 individuelle prisar og 3 klubb-utmerkingar under friidrettsgallaen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ove Leon Låstad
Vilde-Sofie Torvund er uttatt til Nordisk
26.10.2025
Barske gleder i Sørfjorden Halvmaraton
04.10.2025
Resultatliste Askokarusellen 17.sep.
17.09.2025
Tidsskjema Askokarusellen 17.sep.
17.09.2025
Arnaløpet antal gangar oppdatert
24.08.2025