Dobbel-Færø i kald karusell
Postet av Stanley Hauge den 10. Jan 2026

STARTEN: Bertine-Helene Færø (nr. 1), Grethe Jørgensen (9) og Trym Eknes (5) i teten ut frå start.
Søskena Jo-Harald og Bertine-Helene Færø var raskaste mann og kvinne i nyttårskarusellen på Eikanger laurdag 10. januar. Det vart ein kald karusell i fint vinterver.

VINNAR: Jo-Harald Færø raskast i karusellen for 30. gong.
STERKT LØP: Trym Eknes heldt følgje med Jo-Harald det meste av løpet.
Ungguten Trym Eknes gav Jo-Harald Færø kamp lenge i løpet. Først på dei siste 100 meterane inn til mål drog Jo-Harald i frå og sikra seg sigeren. For 30. gong var han raskaste mann rundt Eikangervågen. Trym leverte eit av dei beste løpa sine nokon gong. Trass til dels glatte fohold var han berre 15 sekund etter bestetida si.

RASKAST PÅ NY: Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne i karusellen for tredje gong denne sesongen.
Bertine-Helene Færø gjorde eit sterkt løp på 8.03 og var for 46. gong raskaste kvinne. Sterkast konkurranse hadde ho av Grethe Jørgensen, veteranen som sprang på gode 8.29.

Sjur Øren Heggernes sesongdebuterte med 9.10.
For Inge Leknes var nyttårsløpet 150. gong han stilte til start i vinterkarusellen. Håkon Rongved passerte same milepåle i det andre løpet i fjor haust.

DUO: Stian Matre (8) og Øyvind Farstad (9) i innspurten.
46 deltakarar stilte til start i nyttårsløpet. Dei fleste av dei i klassen utan tidtaking. Dei vinterlege forholda var fine, sjølv om det var enkelte glatte parti i løypa der deltakarane måtte passa seg. Men alle kom i mål utan uhell.
Det neste løpet, det femte for sesongen, går på Eikanger laurdag 7. februar.
Vinterkarusell 2025-26, 4. løp.
Eikanger 10. januar 2026
Arr.: Eikanger IL
Klårt, vindstille, til dels glatt veg, ÷ 6-7° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø 7.50
2. Trym Eknes 7.54
3. Bertine-Helene Færø 8.03
4. Grethe Jørgensen 8.26
5. Einar Færø 8.45
6. Sjur Øren Heggernes 9.10
7. Stian Matre 10.02
8. Øyvind Farstad 10.07
9. Sverre Kvamme 10.30
10. Terje Eidsnes 11.35
Utan tid:
Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Erik Arne Eknes, Tiril Eknes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Gunnar Hauge, Svein Olav Heggernes, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Inge Nævdal, Sigmund Nævdal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Aksel Vedå, Tone Marit Vedå
I alt 46 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 7. februar 2026.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Nyttårskarusell laurdag 10. januar
02.01.2026
Veteranar raskast i førjulskarusellen
13.12.2025
Førjulskarusell 13. desember på Eikanger
04.12.2025
Vinterkarusell laurdag 15. november
06.11.2025