Minneord Einar Stusdal
Postet av Stanley Hauge den 21. aug 2026

Det er med stor sorg me fekk melding om at Einar Stusdal har gått bort, 44 år gamal.
Einar markerte seg tidleg som ein lovande skiløpar i Nordhordland. Tidleg på 1990-talet var han fast inventar på lysløyperenn og andre lokale renn i regionen. Dei fleste såg berre ryggen til Einar då han sette av garde med perfekt teknikk. Etter kvart vart det kretsrenn, der han markerte seg like sterkt, og fekk både vossingar og hardingar til å sperre opp auga. Teknikken var i stor grad sjølvlært, terpa fram i skiløypene på heimgarden Gamlesetra.
Seinare gjekk vegen til skilinja ved Voss gymnas, der Einar fekk utfalde seg med noko av det han likte aller best. I denne perioden oppnådde han fine resultat i nasjonale renn, og gjennom heile skikarrieren konkurrerte han for Eikanger Idrettslag og Nordhordland Skiklubb.
Etter at den aktive skikarrieren var over, gav Einar mykje tilbake til det lokale skimiljøet, mellom anna som leiar i skigruppa i Eikanger Idrettslag, løypekøyrar og trenar. Skimiljøet i Nordhordland har mykje å takke Einar for.
Parallelt med og etter at skiengasjementet var Einar òg aktiv i fotballgruppa i Eikanger Idrettslag. Han stilte opp som engasjert forelder og trenar, og dei siste sesongane Eikanger hadde A-lag, var Einar ein heilt sentral bidragsytar. Han var også svært aktiv i oldboys-fotballen, der han bidrog både på og utanfor bana.
Einar vil bli hugsa som ein ekte idrettsmann og ein som stilte opp for lokalmiljøet. Han hadde ei sterk tilknyting til idretten, til bygda og til dei mange menneska han møtte gjennom ski- og fotballmiljøet. Me kjem til å sakne Einar i nærmiljøet og i idrettsmiljøet.
Våre varmaste tankar går til familien hans.
Jo-Harald Færø
på vegner av
Eikanger Idrettslag
Nordhordland Skiklubb
1 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Strilelaga tok 32 medaljar i veteran-NM
04.08.2026
Skulestemner med over 650 startar
29.06.2026
Friidrettsstemne torsdag 25. juni
20.06.2026
Ny Færø-dobbel i karusellfinalen
12.04.2026