Storset opp søndag 6. oktober

Postet av Stanley Hauge den 23. Sep 2019

Søndag 6. oktober vert Storset Opp arrangert for tredje gong. Motbakkeløpet for heile familien startar på dampskipskaien i Bjørsvik og har målgang lengst nord på Storset. 

Ver med på trimfesten som samla fleire hundre store og små i 2017 og 2018. Ved å delta kan du vinna flotte premiar ved  trekninga på startnummer. Alle deltakarane får t-skjorte.

Plakat Storset opp 2019.pdf

Påmelding:

Registerer deg og dine på nettsida (lenkje nedanfor) og hent startnummer på Bjørsvikkaien.

Påmelding Storset Opp

Påmeldingsavgift:

Konkurranseklasse:
Over 16 år (fødd før 1.1.2003): 200 kr
Under 16 år (fødd etter 1.1.2003):             100 kr

Trimklasse:
Individuell påmelding 100 kr
Familie 250 kr
(maks 2 vaksne, og barn fødd etter 1.1.2001)

Start:
Trimklasse klokka 11:00-12:30
Fellesstart konkurranseklassar klokka 12:30

Praktisk informasjon: 

Rebusløp ffrå start til mål der 1.til 4. klasse er midt i målgruppa. Hent ark og blyant ved start. Finn  postar som er god synlege på vegen opp til Storset.

Parkering ved Ostereidet ungdomsskule

Busstransport frå Ostereidet ungdomsskule til start i Bjørsvik

Premiering:
Flotte premiar trekt på startnummer - iPad, treningstøy.
Pengepremiar til dei tre raskaste kvinner og menn i konkurranseklassen.
Premiering til dei 3 beste jenter og gutar i juniorklassen (12-15 år)
T-skjorte til alle deltakarar

Om løypa
Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 3,0 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.

Frå løpet i fjor

Folkefest i første utgåva av Storset Opp (2017)

Gneistløpar raskast i Storset opp 2018

Tekst: Jo Harald Færø og Stanley Hauge




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.