Vinterkarusell på sommarføre

Postet av Stanley Hauge den 8. Feb 2026

STARTEN: Jo-Harald Færø (8), Grethe Jørgensen (6) og Bjørn Harald Nævdal (2) i teten ut frå start.

Vinterkarusellen på Eikanger laurdag 7. februar vart arrangert under tilnærma sommarføre. Tørr og fin veg i heile løypa og 5-6 plussgrader. Litt vindtrekk var det, men ikkje noko som sjenerte ærleg.

FLEST SIGRAR: Jo-Harald Færø står etter løpet laurdag med fleste sigrar – 31 – i karusellen.

Det var på ny dei to veteranane Jo-Harald Færø og Grete Jørgensen som var raskaste mann og kvinne. Vinnartida til Jo-Harald var 6.57, det nest beste han har prestert denne sesongen. Det var 31. gongen han var raskast i karusellen, og dermed passerte han Harald Nygård som med 30 sigrar hadde flest frå før.

UTLIKNA: Då Grethe Jørgensen nok ein gong var raskaste kvinne i karusellen utlikna ho vinnartalet til Bertine-Helene Færø. Begge har no 46 sigrar.

Grethe Jørgensen sprang denne gongen på 8.23. Ho og Bertine-Helene Færø står dermed på nytt likt når det gjeld å vera raskaste kvinne i karusellen. Begge har vore det 46. gonger.

HELD FORMA: Bjørn Harald Nævdal tangerte bestetida si frå nøyaktig eitt år sidan.

Nest best i løpet laurdag var Bjørn Harald Nævdal med 7.02. Han er i nøyaktig same form som han var for eitt år sidan. 8. februar i fjor sprang han også på 7.02 som også er bestenoteringa hans på Eikanger.

RASK 13-ÅRING: Gustav Andsnes Færø  sette personbeste med 24 sekund.

Gustav Andsnes Færø i 13-årsklassen sprang på 8.13 og betra med det bestetida si frå førre sesong med 24 sekund. Det var flerie av dei yngre herreløparane som sette nye personbeste.

FAMILIEPAR: Ruben (13) og Isak Øvretveit Hosøy (12) i fint driv inn til mål.

50 personar stilte til start, nokre fleire enn i det første løpet etter nyttår. Mellom dei ivrige deltakarane er Åge Toft som held forma ved å gå utan tidtaking. Han passerte 200 startar i karusellen laurdag. Han er den 12. mannen som når denne milepålen. Margrethe Høyland som også deltek flittig i spaserklassen, var med for 150. gong. Det har berre to kvinner gjort før.

Neste karusell på Eikanger går laurdag 7. mars. 

NESTEN LIKT: Stian Matre (19) og Kenneth Innvær (10) sprang på 9.14 og 9.15.

Vinterkarusell 2025-26, 5. løp.
Eikanger 7. februar 2026
Arr.: Eikanger IL
Skya, nesten vindstille, tørr veg,  + 5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo-Harald Færø    6.57
2. Bjørn Harald Nævdal    7.02
3. Gustav Ansnes Færø    8.13
4. Grethe Jørgensen    8.23
5. Stian Matre    9.14
6. Kennet Innvær    9.15
7. Øyvind Farstad    9.40
8. Sverre Kvamme    9.51
9. Sigmund Nævdal    10.05
10. Isak Øvretveit Hosøy    10.08
11. Ruben Hosøy    10.09
12. Ove Danielsen    11.05
13. Terje Eidsnes    11.15
14. Jan Kårbø    11.40
15. Christer Aase Nævdal    12.27
16. Fredrik Aase Nævdal    12.36
17. Erlend G. Hopland    12.37

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Kristian Bjørge, Marte Reigstad Clausen, Åge  Clausen, Lene Reigstad Danielsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Gerd Nævdal, Marius Aase Nævdal, Sebastian Aase Nævdal, Sverre Solberg, Grethe Titland, Åge  Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Irene Øvretveit

I alt 50 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 7. mars 2026. 


Sverre Kvamme noterte 9.51.

Øystein Farstad sprang på 9.40.

Tekst og foto: Stanley Hauge





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.