Jubileumsløp med nye rekordar

Postet av Stanley Hauge den 14. Des 2019

START PÅ LØPET: 85 personar inkludert nissen til høgre stilte til start i løpsklassen i jubileumsløpet. Litt trangt i porten, men det gjekk bra.

Rekordane fall ved jubileumsløpet for vinterkarusellen på Eikanger laurdag 14. desember. Eli Anne Dvergsdal sprang som første kvinne under sju minuttar. 192 deltakarar stilte til start, 72 fleire enn nokon gong før. 

Sjå kondis.no sitt oppslag (mange flotte foto)

Landslagsdeltakar og fjell- og motbakkeløpsmeister Dvergsdal betra løyperekorden for kvinner med ni sekund til 6.55. Bertine-Helene Færø sin rekord på 7.04 vart såleis berre seks veker gamal.

REKORDLØP: Jølstringen Eli Anne Dvergsdal sprang på 6.55 og vart første kvinne under sju minuttar i karusellen.

Nest raskaste kvinne vart Sara-Rebekka Færø Linde på 7.06 som er fire sekund betre enn ho hadde frå før. Og den gamle rekordhalderen, Bertine-Helene Færø, kom på tredjeplass denne gongen med 7.23 

Fleire andre kvinner og jenter leverte sterke løp. Kristin Romarheim betra bestetida si på 8.02 til 7.45. 13 år gamle Amalie Kallestad sprang på 8.23 som er 14 sekund betring av bestetida hennar.

STERKT SOLOLØP: Halfdan Emil Færø viste at forma er god også etter han tok lagsølv i nordisk meisterskap i terrengløp. 6.06 er det nest beste han har oppnådd i karusellen. Men han har blikket retta mot løpsrekorden på 5.58.

Også for menn var det fleire sterke tider. Suveren vinnar var landslagsdeltakar Halfdan Emil Færø som med 6.06 berre var to sekund etter bestetida si frå mars 2013. Han var for 22. gong raskast i karuselløypa. 

PÅ PREMIEPALLEN: Kristoffer Hopland (fremst) vart nummer to, medan Svein Glomnes vart nummer tre.

16-årige Kristoffer Hopland var nummer to med 6.43, som var fire sekund etter bestetida hans frå i vår.  Ein annan 16-åring, Kristoffer N. Apelthun Færø, sette personbeste med 7.05 som var ei betring på 12 sekund.   

PERSONBESTE: Kristoffer N. Apelthun Færø vart nummer fire og sette ny personleg rekord. Rett bak han kjem Sara Rebekka Færø Linde som med 7.06 sprang fortare enn ho har gjort nokon gong før i karusellen.

Heile 191 personar stilte til start på Eikanger laurdag. Dermed vart deltakarrekorden på 120 frå første løpet hausten 1985 grundig slått. 85 stilte laurdag til start  i klassen med tidtaking, medan 106 tok turen som trimtur utan tidspress. 

NISSE-HEIING: Krusellnissen Johannes Knutsen var to sekund frå bestetida si frå 2014, men han slo Bertine Helene Færø – som han heiar inn her – med eitt sekund. 

Ved jubileumsløpet passerte talet på startar sidan det første løpet i 1979 – 20 000. Kay Eric Haukås vart startande nr. 20 000. 

Tre flittige deltakarar vart heidra med premiar. Arvid Hauge og Steinar Haukås har delteke i eitt eller fleire løp i alle åra sidan starten i 1979. Terje Eidsnes som har delteke i 276 av dei 325 løpa som er arrangerte, fekk også premie.

Heiderspremie for å ha stått for å arrangera karuselløp i årevis, vart overrekt Bjørn Jakob Bjørsvik, Geir Andre Bjørsvik og Stanley Hauge. Dei tre fekk også blomst og godord frå Sara Rebekka Færø Linde, på vegner av deltakarane.

ALVERORDFØRAREN: Sara Hamre Sekkingstad starta løpsfeltet og delte ut premiar. (Foto: Anders Eidsnes.)

Eikanger IL og karuselldeltakarane sette stor pris på at ordførar i nye Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad, var til stades på løpet. Ho kom med hyggeleg helsing, starta løpsfeltet og stod for premieutdelinga til løpsvinnarane med fleire.

LITT DRAMATIKK: Strøsanden som låg i svingen ut frå start, skapte litt dramatikk. Kent Ruben Vindenes fall, men kom seg kjapt på beina og sprang i mål på 7.20.

Forholda var fine med berr og stort sett tørr veg, men litt skummelt med tørr strøsand på asfalten eit par plassar. Vindstille og om lag fem plussgrader minna meir om sein haust enn vinter.

Premieringa ved jubileumsløpet var ekstra raus med pengepremiar til dei tre beste i klassane for menn og kvinner på tid. Mellom trimmarne vert det mellom anna trekt ut gåvekort på kr 1000 og kr 500 pluss mange andre fine premiar.

PENGEPREMIAR: Halfdan Emil Færø vann suverent. Flott andreplass til ungguten Kristoffer Hopland og tredjeplass til veteranen Svein Glomnes. (Foto: Anders Eidsnes.)

NEDANFOR  – EIT ELITELAG: Eli Anne Dvergsdal var raskaste kvinne med 6.55 og fekk også pengepremie på kr 1500 for ny løyperekord. Sara Rebekka Færø Linde (t.v.) tok andreplassen og søstera Bertine Helene Færø vart nummer tre. Eit sterkt trekløver som alle er i løpseliten i Hordaland, og også hevdar seg godt nasjonalt, og deltek i inrernasjonale tevlingar. (Foto: Anders Eidsnes.) 

Friidrettsgruppa i Eikanger IL takkar sponsorane som har stilt opp med støtte og gåvepremiar. Like eins ei stor takk til medhjelparane som sytte for at tilskipinga gjekk fint.

FORVENTING: Deltakarane er samla og ventar spent på premieutdelinga. (Foto: Anders Eidsnes.)

Neste løp går laurdag 4. januar 2020. 

Vinterkarusell 2019-20, 4. løp.
40-årsjubileum
Eikanger 14. desember 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, tørr veg,  + 5-6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.06
2. Kristoffer Hopland 6.43
3. Svein Glomnes 6.45
4. Eli Anne Dvergsdal 6.55
5. Kristoffer N. Apelthun Færø 7.05
6. Sara R. Færø Linde 7.06
7. Johannes Hopland 7.11
8. Kent Ruben Vindenes 7.20
9. Johannes Knutsen 7.22
10. Bertine-Helene Færø            7.23

SJEKKAR TIDA: Kor fort gjekk det? Tida må sjekkast synest desse tre karane. Eivind Langøy (fremst), Vebjørn Haugsdal (20) og Kjetil Stokke (80).

11. Eivind Langøy            7.27
12. Vebjørn Haugsdal 7.28
13. Kjetil Stokke 7.29
14. Harald Marthinussen 7.38
15. Espen Aakre 7.40
16. Tormod Vågenes 7.42
17. Kristina Blindheim 7.43
18. Kristin Romarheim 7.45
19. Helge Blindheim 7.48
20. Idar Odland            7.49

NESTEN I MÅL: Espen Aakre (startnr. 27), Tormod Vågenes (32), Kristina Blindheim (65) og Kristin Romarheim (48). 

Einar Færø            7.50
Anders Eidsnes 7.51
Jonas Vågenes 7.54
Grethe Jørgensen 8.02
Geir Øy 8.09
Alexandra Tunes Lund 8.16
Sigurd Aakre 8.22
Amalie Kallestad 8.23
Mats Johan G. Oppedal 8.25
Øyvind G. Oppedal 8.27
(30)

FLOTTE TIDER: Sigurd Aakre (28), Amalie Kallestad (7) og Øyvind G. Oppedal (37) sette flotte personlege rekordar, medan Jan Halvard Edvardsen (198) deltok utan tidtaking.

Gaute Sørli Verlo            8.30
Jonas Marthinussen 8.43
Eskil Sørli Verlo 8.43
Ludvig Færø Linde 8.44
Victoria Osen 8.48
Arvid Hauge 8.51
Nikolai Færø 8.52
Daniel Norheim 8.54
Sondre Langøy 8.55
Olav Alme 9.00
(40)

Marcus Helland Haukås            9.01
Alf Fjellstad 9.03
Johan Austgulen 9.07
Brynjar Nordanger 9.12
Adrian Hansen Toft 9.23
Audun Eidsnes 9.25
Ivar Grønhaug 9.35
Hilde Marthinussen 9.37
Jan Kårbø 9.38
Sondre R. Eidsnes 9.40
(50)

Ove Danielsen            9.42
Arve Henningsen 9.43
Jon Åge Rongved 9.45
Sjur Øren Heggernes 9.46
Sigmund Nævdal 9.47
Bjarne Gausvik 9.48
Håvard Andre G. Oppedal 9.48
Eira Austgulen 9.49
Terje Eidsnes 9.53
Bjarne Kleivane 10.00
(60)

Martin Ådnanes            10.05
Syvert Søyland Askvik 10.17
Merethe M. Odland 10.19
Eskil Olsvik 10.27
Helene Osen 10.32
Elias Dyrdal 10.33
Roger Dyrdal 10.34
Harald Hansen 10.46
Nora Blomberg 10.51
Asbjørn Eidsheim 11.01
(70)

Gustav Ansnes Færø            11.16
Åshild Langøy 11.18
Håkon Rongved 11.39
Ronja Holm-Livden 11.44
Anna Blomberg 11.46
Sverre Solberg 12.01
Liam Hansen Toft 12.13
Adrian Fyllingsnes 12.27
Tuva Langøy 13.18
Amund Langøy 13.20
(80)

Cato Sperrevik            14.19
Sondre Sørli Verlo 15.34
Tanita Sperrevik 15.50
Leander Haukås 18.08
Sanna Elise Haukås            18.09

START NR. 100 OG DEBUTANT: Marith Haugen (nr. 172) var med i vinterkarusellen for 100. gong – men det var lenge sidan sist. Britt Eknes (173) var med for første gong.

Utan tid:
Hallgeir Alme, Rakel  Alme, Renate Alme, Mette Ansnes, Ingrid Søyland Askvik, Ivar Askvik, Håvard Austgulen, Werner Blomberg, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Britt Eknes, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Alma Solheim Fjordheim, Kristine  Fjordheim, Lavrans Solheim Fjordheim, Byrge Solheim Fjordheim, Bente E. Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Bente Merete  Færø, Helga Marit Færø, Helge Færø, Janne Glomnes, Leo Elias  Glomnes, Marcus Emilio Glomnes, Renate Glomnes, Torgeir Glomnes, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Åge Hauge, Marith Haugen, Inga Haugsdal, Kristin Andvik Haugsdal, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Steffen Helgesen, Arnfinn Hellevang, Asle Hindenes, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Katrine Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Jan Rune Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Gunvor Jersin, Anette Kristiansen, Torill Kvammen, Tone Kålås, Norvald Langøy, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Malin Marthinussen, Tago Nytun Martins, Bjørn Mo, Steinar Molland, Oliver Molland, Alf Kåre Mosland, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Jonathan Mosland, Kjell Namtveit, Gunnar Nordhus, Harald Nygård, Leif Magne Nytun, Marit  Nytun, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Tina Askeland Smørdal, Tone Sperrevik, Elise Søyland, Tony Thorsen, Grethe Titland, Monica Toft, Åge  Toft, John Ulveseth, Aksel Vedå, Anton Nikolai Vedå, Torbjørn Vedå, Linda Karin Vindenes, Johan Vågenes, Therese Vågenes, Ingrid Rebnor Ådnanes, Magnus Ådnanes

ORGANISATOR: Gunnar Hauge tok hausten 1979 initiativt til vinterkarusellen. Han hadde også ei sentrale rolle i jubileet 40 år seinare. Saman med Steinar Haukås ordna med sponsorar og premiering til jubileumsløpet. (Foto: Anders Eidsnes.)

Neste løp:

Laurdag 4. januar 2020 kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.