Enno uvisst når me kan arrangera karusell att
Postet av Stanley Hauge den 2. Feb 2021

Den er uvisst når me kan arrangera neste vinterkarusell. Ifølgje friidrettsforbundet er det for tida ikkje tillate å arrangera mosjonsløp for vaksne ove 20 år og ikkje konkurransar i det heile for born og ungdom.
Det planlagde karuselløpet vårt laurdag 6. februar må derfor gå ut.
Me følgjer oppmodinga frå friidrettsforbundet om ikkje å ha tilskipingar no. Me håpar at talet på smittetilfelle går endå meir ned slik at me kan arrangera karusellar seinare i vinter og til våren.
Me ynskjer karuselldeltakarar og andre trimmarar god trening og vel møtt att seinare i år.
Helsing
Eikanger IL friidrettsgruppa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Førjulskarusell 13. desember på Eikanger
04.12.2025
Vinterkarusell laurdag 15. november
06.11.2025
Phillip Morken suveren i karusellopninga
18.10.2025
Vinterkarusellen startar laurdag 18. oktober
07.10.2025
Færø-dominans i Eikangerløpet
27.08.2025