Heidersteikn til Einar Færø

Postet av Stanley Hauge den 7. Apr 2024

Einar Færø er tildelt Eikanger IL sitt heidersteikn. Leiar i laget, Robert Lorang Hansen, stod for utdeling ai samband med karusellavsluttinga laurdag 6. april 2024.

Einar Færø, f. 28.6.1956, har hatt ein lang og allsidig karriere i Eikanger IL. Han har vore aktiv innan fotball, friidrett og langrenn. I heile karrieren har han vore medlem i Eikanger IL.

Fotball
På Eikanger  sitt seniorlag i fotball spelte han 107 kampar i åra 1976-1993. På desse kampane skåra han 28 mål. Midt på 1990-talet var han trenar for gutelag i fotball.

Friidrett
I same perioden var han aktiv i friidretten med mange gode løp på mellom- og langdistanse. Mellom anna har han personleg rekord på 1500m på 4.13,8 frå 1978 og 2.03,3 på 800m i 1981. PÅ 5000m hadde han 17.08,2 i 1981.

Sprek veteran
Men det er særleg som veteran han har utmerka seg i friidretten. Han har vunne tre gull i NM for veteranar (1500m, 5000m og terrengløp). I KM for veteran har han vunne sju gull fordelt med fem i terrengløp pluss eit på 1500m og eit på 5000m.

I 2022 sette han norsk bestenotering i klassen for menn veteran 65-69 år på 5000m med 18.25,11. Resultatet var også det sjuande beste i verda i den årsklassen. Året før var han nær ved å ta rekorden i same klasse på 1500m med tida 4.59,88. Han var også deltakar på Eikanger sitt lag i Holmenkollstafetten ni gonger, fem som senior og fire som veteran.

Langrenn
Einar har også vore ein ivrig deltakar i langrenn lokalt , i krinsrenn på Voss, Samnanger, Hardanger og på Geilo. I 1998 var han med og tok gull i Lindåsmeisterskapet i stafett for Eikanger sitt lag. Han deltok også aktivt og som trenar i samarbeidsklubben Nordhordland skiklubb.

Held seg i form
Han trenar framleis ofte med løping og styrketrening og går på ski når forholda ligg til rette for det her i heimeområdet, eller ved hytta på fjellet..

Dugnadsarbeid
Det høyrer også med at Einar er ein av dei som er med og tek eit tak med dugnadsarbeid på friidrettsbana på Ostereidet og som funksjonær ved stemner når det høver.KARUSELLØPARAR: Einar Færø var «hare» for barnebarnet Gustav Ansnes Færø i løpet 9. mars 2024.

Heidersteiknet
Eikanger IL oppretta heidersteiknet i samband med 25-årsjubileet til laget i 1977.  Medrekna Einar er det no 28 personar som er tildelt heidersteiknet.

Heidersteikn-vinnarar-EIL.pdf

Heidersteiknkrav.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

— Guest