Ny sterk karuselltid av Halfdan-Emil Færø

Postet av Stanley Hauge den 6. Apr 2024

25. GONG: Halfdan-Emil Færø i flott driv inn til 6.11 og siger i karusellen for 25. gong.

For andre løp på rad sprang Halfdan-Emil Færø på 6.11 i karusellen på Eikanger. Han vann løpet for 25. gong, og berre han sjølv og to andre har sprunge fortare.

STARTEN: Halfdan-Emil Færø tok teten frå starten, tett følgd av Aleksander Vågsholm (12) og Idar Odland (5).

Han tok ein klar siger i det siste løpet denne sesongen på Eikanger. Nærast han kom den litt eldre boren, Jo-Haralad Færø, som noterte 6.30. Sesongbeste for han og berre tre sekund etter den snart 22 år gamle bestetida hans. Så veteranen tek godt vare på forma.

STERK VETERAN: Med sesongbeste på 6.30 var Jo-Harald Færø berre tre sekund etter bestetida si frå 2002.

Forholda denne laurdagen var litt tyngre enn i det nest siste løpet. Regnbyer og litt sur trekk var årsaka til det. 

I FIN FORM: Bertine-Helene Færø synte på ny fin formon sprang på 7.18, berre fem menn var raskare.

Raskaste kvinne vart nok ein gong Bertine-Helene Færø. Denne gongen på 7.18, nokre sekund etter tida frå førre løp. Det var 42. gong ho var raskaste kvinne, og berre Grethe Jørgensen med 43 sigrar har fleire. 

SPURTKAMP: Randi Kjøsnes slo den mannlege veterankollegaen sin, Helge Færø, på spurtoppløpet.

Nest raskaste kvinne var veteranen Randi Kjøsnes som betra karusellbestetida si til 8.35. Sunniva R. Eidsnes kom deretter på 9.44.

UNDER TI MINUTTAR: Sunniva R. Eidsnes kom godt under ti minuttar.

Fleire – både yngre  og eldre deltakarar – noterte sesongbeste trass dei litt sure forholda.

TOK SEG UT: Emin Tangerås gav alt og spurta inn til 9.59.

I  alt var det 66 startande i det 7. løpet for sesongen. Deltaking for heile sesongen kom opp i 452 startande, nesten 70 fleire enn førre sesong.

POKALVINNARAR 2024: Jan Sigurd Fyllingsnes (midten) fekk pokal for 200 startar i karusellen. Elin Høyland (t.h.) fekk pokal for 75 startar og Emil Høyland Aldeholm for 30 startar.

Tre deltakarar vart premierte for mange startar. Jan Sigurd Fyllingsnes fekk pokal for 200 startar, Elin Høyland for 75 og Emil Høyland Aldeholm for 30. Alle som hadde vore med i tre eller fleire løp denne sesongen fekk medaljar.

FAMILIEDUO: Isak Øvretveit Hosøy og Ruben Hosøy i fint driv inn mot mål.

Friidrettsgruppa i Eikanger IL tek sikte på ein ny karusellsesong til hausten. Første løpet vert truleg i okotober.

Vinterkarusell 2023-24, 7. løp.
Eikanger 6. april 2024
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer, surt, berr veg,  + 6-7° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan-Emil Færø    6.11
2. Jo-Harald Færø    6.30
3. Idar Odland    6.41
4. Aleksander Vågsholm    7.15
5. Bertine-Helene Færø    7.18
6. Bjørnar Eidsheim    8.24
7. Randi Kjøsnes    8.35
8. Helge Færø    8.40
9. Einar Færø    9.18
10. Nikolai Færø    9.18
11. Sunniva R. Eidsnes    9.44
12. Anders Eidsnes    9.47
13. Rikke Færø Linde    9.48
14. Sara-R. Færø Linde    9.49
15. Emin Tangerås    9.59
16. Jan Kårbø    10.11
17. Terje Eidsnes    10.46
18. Isak Øvretveit Hosøy    11.03
19. Ruben Hosøy    11.04
20. Iris Tangerås    11.16
21. Steinar Haukås    11.29
22. Mathilde Eneroth Høyland    13.02
23. Odd Inge Høyland    13.02
24. Sverre Solberg    14.17
25. Ingrid Tangerås    14.25

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Johanne Kyte Færø, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Amanda Bjørsvik Hodneland, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Atle  Kolbeinsen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Inge Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Cato Sperrevik, Anne Marit  Stusdal, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Eivind Stusdal, Sivert Stusdal, Åge  Toft, Liv Reidun Sletten Vabø

I alt 66 deltakarar.

Neste løp:
Hausten (oktober) 2024. 

Tekst og foto: Stanley Hauge





Kommentarer

— Guest