Nævdal og Færø best i Eikangerløpet

Postet av Stanley Hauge den 6. Okt 2024

VINNARAR: Bertine-Helene Færø og Bjørn Harald Nævdal vart vinnarar i Eikangerløpet 2024.

Bjørn Harald Nævdal var raskast i Eikangerløpet søndag 6. oktober på 18.47,8. Hardast konkurranse hadde han av Bertine-Helene Færø som var raskaste kvinne med 18.54,2. 

Eikangerløpet som er  5000m på bane avsluttar avsluttar banesesongen på Ostereidet.

STORT FELT: 18 personar stilte til start i årets Eikangerløp. Bertine-Helene Færø tok teten ut frå start.

Bertine-Helene Færø sprang fortast ut frå start og leia ei stund med om lag 50 meter på Bjørn Haralad Nævdal. Spenninga var lenge stor om det for første gong i Eikangerløpet si 45-årige historie skulle verta ei kvinne var raskast. 

Slik vart det ikkje. I den siste tredjedelen av løpet tok Bjørn Harald Nævdal stadig innpå Bertine-Helene, sprang forbi og vann til slutt ein klar siger. Men Bertine-Helene fekk vist at ho er i god form denne hausten. KLART I TETEN: Bertine-Helene Færø og Bjørn Harald Nævdal sikra seg tidleg solid leiing i feltet.

Medan Bjørn Harald vann for første gong, var Bertine-Helene raskaste kvinne for 10. gong.

Tredje raskast i løpet i år var Bjørnar Eidsheim med tida 19.47,9. Han stilte til start etter ein sterk innsats i Sørfjorden halvmaraton dagen før, der han fekk tida 1.23.56.

18 personar stilte til start i årets løp, medan det var 19 i fjor. 

Flest startar har Arvid Hauge med 44, Inge Nævdal med 37, Sverre Solberg 32, Bjørnar Eidsheim 31, Gunnar Hauge 27 og Helge Færø 23. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 13.

Vinterkarusellen neste
Laurdag 19. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger.  Deretter vert det løp 16. november og 14. desember.FLEIRE I FELTET: Jahn Christopher Nævdal(fremst) og Bjørnar Eidsheim var dei som kom nærmast tetduoen. Litt lenger bak kjem ein heil Færø-gjeng.

Eikangerløpet 2024.
Ostereidet idrettsbane 6.10.2024 
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, +12-13° C.                                 

5000m menn 
1.    Bjørn Harald Nævdal    1994        18.47,6
2.    Bjørnar Eidsheim    1968    Eikanger IL    19.47,9
3.    Jahn Christopher Nævdal    1985        20.27,8
4.    Kristoffer Færø    2003    Eikanger IL    21.02,5
5.    Gustav Ansnes Færø    2013    Eikanger IL    21.13,6
6.    Jo-Harald Færø    1983    Eikanger IL    21.14,3
7.    Helge Færø    1960    Eikanger IL    21.40,6
8.    Are Flekke    1996    Norna-Salhus    23.01,7
9.    Alf Fjeldstad    1950    Aks 77    23.24,2
10.    Gunnar Hauge    1955    Eikanger IL    23.42,4
11.    Inge Nævdal    1954    Eikanger IL    23.59,7
12.    Arvid Hauge    1960    Eikanger IL    24.41,1
13.    Ole Alexander Nævdal    1988        24.57,0
14.     Bjørn Årseth    1953        25.11.7
15.    Jan Kårbø    1957    Eikanger IL    25.37,9
16.    Sverre Solberg    1952    Aks 77    34.34.7

5000m kvinner                
1.    Bertine-Helene Færø    1992    Varegg    18.54,2
2.    Mette Jersin Ansnes    1980    Eikanger IL    21.18,0

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

— Guest