Unge vinnarar i våt karusell

Postet av Stanley Hauge den 16. Nov 2024

Ungdomane Phillip Morken og Tirill Eknes vart vinnarar i den andre karusellen på Eikanger for sesongen 2024-25. Under våte og vindfulle forhold leverte dei begge gode løp.

VÅT SIGER: Phillip Morken gjorde eit sterkt løp under våte forhold.

Phillip Morken sprang på 6.34 og tok den fjerde sigeren sin på Eikanger. Førre gong var for vel to og eit halvt år sidan. Tirill Eknes deltok i karusellen for første gong og 17-åringen vart raskaste kvinne med tida 8.30.

DEBUTANT: Tirill Eknes debuterte i karusellen med å verta raskaste kvinne.

Det var vekslande forhold under karusellen laurdag 16. november. Dei som gjekk utan tidtaking fekk dei beste forholda, med litt regn og til dels opphald. Men då løpsfeltet skulle starta kl. 15.00 sette det inn med ei kraftig regnbye og vind, så det var reint utfyseleg.

Forholda gjordne nok sitt til at fleire sleit med å oppnå like gode tider som i «sommarløpet» i 15-plussgrader for fire veker sidan.ANDREPLASS: Bjørn Harald Nævdal.

Andremann i mål var Bjørn Harald Nævdal på 7.24 som berre var sekundet etter tida si i det førre løpet. Liam Eidsnes Phillips vart nummer tre, men på ei noko svakare tid – 7.31 – enn då han var nummer to i det første løpet.TREDJEPLASS: Liam Eidsnes Phillips.

83 personar stilte til start denne gongen, og mellom dei var mange nye karuselldeltakarar. Neste løp vert førjulsløpet laurdag 14. desember.

Vinterkarusell 2023-24, 2. løp.
Eikanger 16. november 2024
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer, vind, berr veg,  +4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken    6.34
2. Bjørn Harald Nævdal    7.24
3. Liam Eidsnes Phillips    7.31
4. Trym Eknes    7.43
5. Jan Chr. Nævdal    8.03
6. Erlend Vabø    8.25
7. Tiril Eknes    8.30
8. Oliver Molland    9.23
9. Steinar Molland    9.24
10. Nikolai Færø    9.31
11. Einar Færø    9.32
12. Olav Stordal Phillips    9.56
13. Ole Aleksander Nævdal    10.05
14. Gunnar Hauge    10.20
15. Terje Eidsnes    10.29
16. Aksel Vedå    10.41
17. Isak Øvretveit Hosøy    10.50
18. Jan Kårbø    10.57
19. Jogeir Romarheim    11.51
20. Madelén Børhaug Nævdal    11.56
21. Christer Aase Nævdal    11.59
22. Fredrik Aase Nævdal    12.00
23. Atle  Kolbeinsen    12.11
24. Mathilde Eneroth Høyland    12.17
25. Ruben Hosøy    12.17
26. Andrew Wakefield    13.04
27. Alfred Kleivdal    13.18
28. Natalie  Øksnes    13.20
29. Anny Sofie Kleivdal    13.42
30. Øyvind Kleivdal    13.43
31. Sebastian Aase Nævdal    15.25FIN DEBUT: Trym Eknes debuterte i karusellen med fjerdeplass.

Utan tid:Emil Høyland Aldeholm, Lene Reigstad Danielsen, Bjørn  Dundasbrandt, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Erik Arne Eknes, Grete Eknes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Bertine-Helene Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Steinar Haukås, Mali Øvretveit Hosøy, Alf  Høyland, Elin  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Anna Lena Nævdal, Marius Aase Nævdal, Cathrina Eidsnes Phillips, Merete Eidsnes Phillips, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Arnold M. Sande, Sverre Solberg, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Sivert Stusdal, Tony Thorsen, Svein Thorsheim, Grethe Titland, Åge  Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Albert  Vedå, Lavrans Vedå, Tone Marit Vedå, Torbjørn Vedå, Johanne Øvretveit, Benedikte Aase

I alt 83 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 14. desember 2024. 

FLEIRE DEBUTANTAR: Erlend Vabø i innspurten, litt lenger bak kjem Tirill Eknes.

VÅTT, VÅTT, VÅTT: Oliver Molland (34) og Steinar Molland Like bak, nesten gøymd av regn på kameralinsa.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest