Idar Odland karusellvinnar på ny personleg rekord
Postet av Stanley Hauge den 15. Nov 2025

Idar Odland var raskast i den andre vinterkarusellen på Eikanger. Vinnartida hans 6.26 var ny personbeste. Bertine-Helene Færø tok ein ny siger blant damene på 7.34.
For Bertine-Helene var det 45. gong ho var raskaste kvinnene og ho gjekk dermed forbi Grethe Jørgensen som har 44. sigrar.

VINNAR: Idar Odland spurtar inn til 6.26 og ny personbeste.
Idar Odland tok teten ut frå start i løpet laurdag 15. november. Han tok ein klar siger og var 26 sekund føre nummer to, veteranen Jo-Harald Færø. Idar betra den to år gamle bestetida si med eitt sekund. Det var sjette gong karen med slektsrøter frå Eikanger gjekk til topps i karusellen.

45. GONG: Bertine-Helene var raskaste kvinne for 45. gong.

NEST RASKAST: Jo-Harald Færø vart nummer to i mål på 6.52.
Gode løp også av Liam Eidsnes Phillips på 7.21 og Marius Eidsnes Phillips som debuterte i karusellen med 7.44. Veteranen Jan Christoffer Nævdal noterte 7.47 og superveteranen Einar Færø sprang på 7.58 – nesten minuttet betre enn i førre sesong.

GOD DEBUT: Marius Eidsnes Phillips debuterte i karusellen på tida 7.44.

Nytt solid løp av veteranen Grethe Jørgensen på 8.17.
Forholda laurdag var bra med berr veg i heile løypa. Litt kaldt, men berre nokre snøflukser i lufta.

VETERAN: Jan Christoffer Nævdal i mål på 7.47.
72 løparar stilte til start, 33 sprang på tid og 39 tok turen rundt Eikangervågen utan tid. Neste løp vert juleløpet laurdag 13. desember.

RUNDT SVINGEN: Heldigvis var det ikkje glatt rundt første svingen.
Vinterkarusell 2025-26, 2. løp.
Eikanger 15. november 2025
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, berr veg, +0-1° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Idar Odland 6.26
2. Jo-Harald Færø 6.52
3. Liam Eidsnes Phillips 7.21
4. Bertine-Helene Færø 7.34
6. Marius Eidsnes Phillips 7.44
7. Jan Chr. Nævdal 7.47
8. Aleksander Vågsholm 7.51
9. Einar Færø 7.58
10. Grethe Jørgensen 8.17

Trym Eknes sprang på 8.20.
11. Trym Eknes 8.20
12. Anders Eidsnes 8.31
13. Oliver Molland 8.52
14. Steinar Molland 8.52
15. Adrian Sollid 8.57
16. Are Flekke 9.05
17. Olav Stordal Phillips 9.21
18. Nikolai Færø 9.36
19. Aksel Vedå 9.42
20. Isak Øvretveit Hosøy 10.00
BRA TIDER: Ruben Hosøy (26) og Isak Øvretveit Hosøy kom nesten under 10-blank.
Ruben Hosøy 10.01
Tone Marit Vedå 10.10
Merethe M. Odland 10.17
Gunnar Hauge 10.22
Arvid Hauge 10.24
Renate Eneroth 10.58
Johannes Landro Fyllingsnes 10.59
Mathilde Eneroth Høyland 11.00
Terje Eidsnes 11.16
Cathrina Eidsnes Phillips 11.19
Jan Kårbø 11.59
Atle Kolbeinsen 12.19
Amalie Leivestad 13.08

TRIO: Mathilde Eneroth Høyland (7), Johannes Landro Fyllingsnes (28) og Renate Eneroth (8).
Utan tid:
Kristian Bjørge, Mats Baakind, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Erik Arne Eknes, Tiril Eknes, Bente E. Fyllingsnes, Bjørn Jostein Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Mali Øvretveit Hosøy, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Christer Aase Nævdal, Fredrik Aase Nævdal, Marius Aase Nævdal, Sebastian Aase Nævdal, Sigmund Nævdal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sverre Solberg, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Håvard Stusdal, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Irene Øvretveit
I alt 72 deltakarar.

Adrian Sollid.
Amalie Leivestad.
Einar Færø på ny under åtte minuttar.
Neste løp:
Laurdag 13. desember 2025.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Førjulskarusell 13. desember på Eikanger
04.12.2025
Vinterkarusell laurdag 15. november
06.11.2025
Phillip Morken suveren i karusellopninga
18.10.2025
Vinterkarusellen startar laurdag 18. oktober
07.10.2025
Færø-dominans i Eikangerløpet
27.08.2025