Unge karusellvinnarar i sluddbyer
Postet av Stanley Hauge den 6. Feb 2022
FØRSTE SIGER: Idar Odland tok første sigeren sin i karusellen laurdag 5. februar.
Det vart to unge vinnarar då vinterkarusellen på Eikanger vart arrangert i sluddbyer laurdag 5. februar. Idar Odland (f. 2006) var raskast av alle med 7.19, medan Victoria Osen (f. 2008) var raskaste kvinne på 8.33.
FØRSTE SIGER: Også for Victoria Osen var det første gongen ho gjekk til topps i karusellen på Eikanger.
For begge ungdomane var det første gong dei gjekk til topps i karusellen. Odaland tok ein suveren siger, nesten minuttet føre veteranen Anders Eidsnes på 8.15.
Det var tunge forhold ved det første løpet etter nyttår. Surt ver med sluddbyer saman med litt slaps i delar av løypa innbaud ikkje akkurat til rekordfart. Odland var likevel berre 12 sekund etter bestetida si frå løpet i november i fjor. For Victoria Osen var det første løpet denne sesongen og ho var berre fem sekund frå bestetida si frå mars 2020.
STARTEN: Det var berre åtte løparar som stilte i klassen med tidtaking. Mest slaps var det i løypa frå skuleporten og bort til hovudvegen, elles var det nesten berr veg hvilke runden.
48 deltakarar stilte til start i det løpet som var det første etter at koronareglane sette stopp for nyttårsløpet. I staden for det avlyste løpet 8. januar tek Eikanger IL sikte på å arrangere eit løp laurdag 30. april i staden, slik at det vert sju løp som planlagt denne sesongen.
Løpet 30. april vert truleg også jubileumsløp i samband med at det 1. mai vert 70 år sidan Eikanger IL vart stifta.
Vinterkarusell 2021-22, 4. løp.
Eikanger 5. februar 2022
Arr.: Eikanger IL
Slaps enkelte stader, sluddbyer, + 1-2° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Idar Odland 7.19
2. Anders Eidsnes 8.15
3. Are Flekke 8.27
4. Victoria Osen 8.33
5. Helene Osen 9.29
6. Terje Eidsnes 9.42
7. Sjur Øren Heggernes 9.47
8. Sverre Solberg 13.46
SPENT PÅ TIDA: Are Flekke kikkar pål klokka, er det framgang?
Utan tid:
Viyan Afandi, Emil Høyland Aldeholm, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Einar Færø, Helga Marit Færø, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Grethe Titland, Åge Toft
I alt 48 deltakarar.
TRIMMARAR:Dei fleste tok turen rundt Eikangervågen som trim utan tidtaking. Hyggeleg å snakka fritt med folk i desse koronatider.
Neste løp:
Laurdag 12. mars 2022
I SVINGEN: Idar Odland tok teten alt ut frå første sving. Like bak kjem Anders Eidsnes (nr. 6) og Are Flekke (nr. 2).
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Are og Tanita raskast i glatt karusell
04.02.2023
Karusell på Eikanger laurdag 4. februar
30.01.2023
Jo-Harald Færø for 25. gong
07.01.2023
Nyttårsløp på Eikanger laurdag 7. januar
29.12.2022
Idar Odland suveren karusellvinnar
10.12.2022