Friidrettsstemner 24. juni og 26. august
Postet av Stanley Hauge den 19. Jun 2025
Tysdag 24. juni vert det friidrettsstemne på Ostereidet med start kl. 18.30 og påmelding frå kl. 17.45. Gutar og jenter i alle klassar frå 7-8 år og oppover er velkomne til å delta.
Øvingane vert 60m, lengde og 600m, pluss kanskje ei kastøving. Det er fint om nokre foreldre kan hjelpatil med avviklinga.
Jubileumsstemne
Tysdag 26. august ved det jubileumsstemne i samband med at det i august i år er 50 år sidan grusbana på Ostereidet stod ferdig til bruk, og det første stemnet vart arrangert 8. august 1975.
Me kjem tilbake med meir informasjon om jubileumsstemnet. Men det er alt no fastsett at ei av øvingane vert 5000m, Eikangerløpet som me vanlegvis arrangerer i månadsskiftet september-oktober.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Siste fra Stanley Hauge

Skulestemner med 200 deltakarar
11.06.2025

Liam Phillips ny karusellvinnar
05.04.2025

Vinterkarusell 15. mars – løp nummer 350
01.03.2025

Færø-sysken raskast i vinterkarusellen
08.02.2025