Anders Eidsnes til topps i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Feb 2017

UT FRÅ START: Rolf Vabø (nr. 41) tok teten før Kristoffer Hopland (nr. 22), Anders Eidsnes (nr. 36) og Egil Opsal (nr. 19).

Anders Eidsnes var raskast i karusellen på Eikanger laurdag. Med tida 7.52 tok han førsteplassen for andre gong. Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne.

SIGER FOR ANDRE GONG: Anders Eidsnes tok for andre gong førsteplass i karusellen på Eikanger. Stein Tore Vinterstø vart nummer to.

Ut frå start og ned første bakken var det Rolf Vabø som tok teten. Han gjorde det beste løpet sitt for sesongen med tida 8.04 som heldt til fjerdeplass. Stein Tore Vinterstø var den som gav Eidsnes hardast kamp inn mot mål. På tida 7.57 vart Vinterstø ein klar nummer to.

NY TREDJEPLASS: Kristoffer Hopland tok tredjeplass i andre løpet på rad. Nytt fint løp av 14-åringen som hadde veteranen Rolf Vabø rett bak seg.

14-årige Kristoffer Hopland vart nummer tre for andre gong på rad. Tida hans var 8.02, som var tre sekund raskare enn for tre veker sidan.

TANGERTE SESONGBESTE: Grethe Jørgensen tangerte sesongbeste på 8.15 og var raskaste kvinne for 28. gong.

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Tida hennar var 8.15 som var tangering av sesongbeste frå første løpet i fjor haust. Og det var 28. gongen ho var best i kvinneklassen.

PERSONLEG REKORD: Amalie Kallestad sette på ny personleg rekord i karusellen, fem sekund raskare enn før.

Amalie Kallestad i 11-årsklassen sette ny personleg bestenotering i andre løpet på rad. Med 8.50 kutta ho fem sekund av rekorden sin frå førre løp. Idar Odland, også han i 11-årsklassen, sprang på 9.24 og var dermed 12 sekund raskare enn nokon gong før.

PERSONLEG REKORD: Også Idar Odland sette solid personleg rekord, 12 sekund betre enn nokon gong før.

Denne gongen var det berre 20 deltakarar som sprang på tid. Men med heile 52 personar som deltok utan tidtaking, var det i alt 72 startande. Løpsforholda laurdag var greie, men ei regnbye gjorde det litt surt sjølv om det var nærast vindstille.

Magne Andre Taule var nokre sekund raskare enn Egil Opsal denne gongen.

Neste løp på Eikanger vert laurdag 11. mars. Den dagen vert det også jubileum, då det vert løp nummer 300 sidan karusellen starta i desember 1979.

Vinterkarusell 2016-17, 7. løp.
Eikanger 18. februar 2017
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, berr veg, + 4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes 7.52
2. Stein Tore Vinterstø 7.57
3. Kristoffer Hopland 8.02
4. Rolf Vabø 8.04
5. Grethe Jørgensen 8.15
6. Magnus Ådnanes 8.41
7. Johannes Hopland 8.44
8. Arvid Hauge 8.50
9. Amalie Kallestad 8.50
10. Magne Andre Taule 9.01
11. Egil Opsal 9.04
12. Idar Odland 9.24
13. Terje Eidsnes 9.44
14. Susanne Rebnord 9.59
15. Sunniva R. Eidsnes 10.40
16. Olai Nepstad 10.55
17. Adrian Hansen Toft 11.20
18, Olav Alme 11.45
19. Sverre Solberg 11.58
20. Sondre R. Eidsnes 12.26

Susanne Rebnord i mål på tida 9.59.

Utan tid:
Rune Aldeholm, Margrethe Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Ingrid Søiland Askvik, Ivar Askvik, Syvert Søiland Askvik, Petter Buvik, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Cecilie Eikanger, Linnea Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Jens Hindenes, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Emil Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Elisa Søiland, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Iben Buvik Aasgard, Oleg Buvik Aasgard, Rannveig Marie Buvik Aasgard

I alt 72 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 11. mars 2017 kl. 15.00.

Sunniva R. Eidsnes med ein frisk spurt og i mål på tida 10.40 – sesongbeste for henne.

TRIMGJENG: Nokre av dei 52 som deltok utan tidtaking. Renate Alme (nr. 144), Monica Toft (nr. 148), Liam Hansen Toft (nr. 147).

Flott løp av Adrian Hansen Toft på 11.20.

Olav Alme i fint driv inn til 11.45.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.