Serieturnering på Ostereidet Kunstgrasbane

Postet av Eikanger Idrettslag den 19. Sep 2025


Søndag 14. september arrangerte EIL fotball gutter 8 serieturnering på Ostereidet

kunstgras.

18 lag var påmeldt og det vart spelt kampar frå kl. 10:00 på formiddag til 18:00 om kvelden.

EIL fotball vil takke alle lag, foreldre, dommarar og tilskodarar for ein flott dag med

mykje fotballglede.




Serieturnering på Ostereidet Idrettspark

Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Sep 2024

Søndag 15. september arrangerte Eikanger IL serieturnering i fotball for gutar og jenter, 9 år. Trass ein grå og noko regntung dag, viste det seg å vere eit folkerikt og vellukka arrangement.

Det var 21 lag påmeldt frå fleire ulike klubbar, blant anna Nordre Holsnøy, Radøy FK, Kvernbit, Austrheim, NBK Alvidra og NBK Knarvik og Eikanger. 30 kampar vart spelte, dei spela 5’er fotball, med kampar som varte 1*20 minutt.

Fotballgruppa i EIL arrangerte denne serieturneringa i samarbeid med G/J9 og deira føresette. Oppgåver som parkeringsvakter, dommarar, kakebakarar, folk til å stå i kiosk, ta imot påmeldingar, lage kampoppsett, klargjering av baner o.a., skulle fyllast. Her var det mange involverte og frivillige som gjorde ein kjempeinnsats for å få arrangementet til å flyte.


Tidlegare i haust arrangerte Eikanger IL dommarkurs. 15 ungdommar frå Eikanger IL G13 og G14 gjennomførte og bestod dommarkurset. Mange av desse ungdommane fekk dommardebuten sin under denne serieturneringa.


Tusen takk til alle som har vore med. Alle bidrag har vore viktige for å kunne gjennomføre dette flotte arrangementet på dugnad.