Reisebrev frå Øystese, (2017-laget på Kiwi Bama Cup)

Postet av Eikanger Idrettslag den 27. mai 2026

Fredag 22. mai, etter skuletid, var sju born spente og klare for avreise til fotballcup i Øystese.

For dei fleste var dette første overnattingscup i karrieren, og både fotballsko, fotballdrakter,

nyinnkjøpte keeperhanskar og oppblåsbare madrassar var pakka og klare for 3 dagar med

fotballmoro.


2017-laget til Eikanger IL var heldige og fekk med seg to 2016-spelarar, og det var akkurat

passeleg for å få god rullering med drikkepausar under kampane. Laget imponerte stort og

hadde jamt tempo og pågangsmot på alle kampar både fredag, laurdag og sundag. Sjølv

med regn og noko gjørmete bane (dei var glade dei spelte tidleg kamp på grasbana

laurdag!), var stemninga på topp. Fredag var vi heldige og fekk sjå første omgang av

Øystese som spelte proff kamp i 6. divisjon, og laurdag var det badedisko på Hardangerfjord

hotell. Sjølv sov vi i klasserommet til 7B på Øystese skule, og med både vasskokar (for

kaffitørste foreldre), spel, og oppdekking til frukost og middag i nærleiken, var det ikkje rart at

nokre omtala sovestaden som eit hotell i særklasse.


Vi er stolte over barna som viser sportsleg glede og er omsorgsfulle ovanfor både lagvenar

og motspelarar. Både barn og foreldre hadde ein sosial og kjekk oppleving, og takkar

trenaren og arrangørane for eit godt gjennomført arrangement. Kanskje det kan gje

inspirasjon til fotballcup på heimebane ein gong i framtida?


Helsing

barn og foreldre i fotballgruppa 2017, Eikanger IL



Logg inn for å skrive en kommentar.