Eikanger G13 - Varegg cup

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Mar 2026

Eikanger sitt G13 lag var forrige helg på Varegg Cup. I fyrste kamp møtte dei Varegg/Sandviken 4. Der gjekk Eikanger ut i hundre og skapte mange sjansar heilt frå starten av kampen. Samspelet fungerte veldig bra, det virka som om spelarane var heiltente. 

Tilslutt stod det 4-0 etter 2 mål av Luca, og mål av Leon og Borys. Ein kjempegod start av laget, der det gode samspelet imponerte mest. Laget stod også veldig høgt og pressa, noko som fungerte bra. Og når laget vart pressa eit par gongar, så varta Kian opp med gode redningar. Forsvaret var også gode til å demma opp.  

I neste kamp visste me det ville bli tøffare, sidan Fana vann sin fyrste kamp. Og etter berre 4 minutt så greidde ikkje Eikanger å klarera, og Fana sitt skudd gjekk i mål 1-0. Men Eikanger gav seg ikkje og spelte seg sakte, men sikkert inn i kampen. Og etter 10 minutt traff Luca perfekt på eit langskudd, dermed stod det 1-1. No tok Eikanger over spelet og pressa for nytt mål. Men Fana var også nærme eit par gongar, det var ein spennande kamp. Eit par minutt ut i andre omgang rulla Eikanger opp eit angrep på høgre side. Ballen enda hjå Leon som med ein lav markkryper ordner 2-1. Stor stemning på tribunen. Då køyrde Eikanger på, og Leon la også på til 3-1 på eit nydeleg frispark. Mot slutten av kampen er Fana farleg frampå fleire gongar, dei har også eit skudd i stolpen. Men Eikanger heldt unna og vinn 3-1. Ein stor lagseier. No er laget klart for 16 dels finale mot Bjarg på laurdag 14, mars kl. 14.00.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.