Sommarkarusell – friidrett for gutar og jenter tysdag 13. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Jun 2017

Tysdag 13. juni kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. 60m og lengde står på programmet.

Det er berre å møta opp og melda seg på dette sommarkarusellstemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.45 og fram til start.

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i den eine eller begge øvingane.

Alle som deltek får premie som vert delt ut på idrettslaget sitt hausttreff.

Me tek sikte på at det vert eitt eller to stemner etter at skulane har teke til att etter sommarferien. Datoar kjem me tilbake til.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. Ekstra hyggeleg om du kan tenkja deg å vera med å dra i gang friidrettstrening for gutar og jenter etter ferien.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.