Førjulskarusell på Eikanger Laurdag 15. desember

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 10. Des 2018

Laurdag 15. desember vert det førjulskarusell på Eikanger. Alle trimmarar er velkomne, og særleg velkomne er trimmande nissar.

Løpet laurdag ettermiddag er det fjerde i vinterkarusellen denne sesongen. 

Raskaste og best kledde nisse vert premiert, og det vert også litt utvida premiering trekt på startnummer. Pluss servering av julegodt til  deltakarane!

Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver ei veke seinare! Starten går som vanleg kl. 15.00. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline