Karusellfinale med premieutdeling laurdag 13. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Apr 2019

Laurdag 13. april er det finaleløp og premieutdeling for vinterkarusellen på Eikanger 2018-19. 119 personar har alt sikra seg medalje for deltaking i tre eller fleire løp denne sesongen. Nedanfor kan du sjekka kor mange løp du har.

Det tiande  løpet i vinterkarusellen på Eikanger komande laurdag 30. mars har som vanleg start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Over 150 kan få premie
I tillegg til dei 119 som alt har sikra seg premie er det 39 personar som står med to startar før det siste løpet. Ved å delta laurdag kan dei sikra seg bronsemedalje.

Oversikt over deltakarar og tal løp.pdf  

Løypa
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.