Ungdomsskuleelevar arrangerte stort friidrettsstemne på Ostereidet

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 18. Jun 2019

60 METER: Adrian Fyllingsnes i tet i dette hitet for femteklassingane.

På tampen av skuleåret arrangerte ungdomsskuleelevar på Ostereidet friidrettsstemnet med flest startande i Nordhordland denne sesongen. Ved stemnet som gjekk i flott sommarvêr 14. juni var det over 550 startar.

Deltakarar var elevar i 5.-7. klasse ved Leiknes, Eikanger, Kløvheim og Ostereidet barneskular. Dei konkurrerte i 60m, 800m, lenge, kule og stafett. Og for dei som syntest 800m på tid var vel tøft, var ein tur på stiar i terrenget alternativet. 

JUBEL: Theodor Myhr jublar over å koma først i mål i sitt hit på 60m i 5. klasse.

Like sidan 1981 har det vore tradisjon at elevar ved Ostereidet ungdomsskule arrangerer dette stemnet for barneskulane. Som regel har det vore elevar som tek idrettsfag i avgangsklassen som er arrangørar. I år hadde dei også god hjelp av ein del frå 9. klassen. Også lærarane hadde ein finger med i spelet. 

KULE: Håvard Valdersnes (nr. 181) i kuleringen, men han gjorde det best i løp og hopp.

Med det nye raudstubbdekket på bana på Ostereidet var forholda i år betre enn på lenge. Aktiviteten var stor. I tillegg til 60m løp, vart det samstundes hoppa lengde i to groper og støytt kule frå to kastringar.  

Mellom dei i alt vel 150 deltakarane var det mange som viste flott talent for friidrett. Raskaste 60m var det ikkje uventa ein gut i eldste klasse som stod for. 7.-klassingen Jakob Angelskår sprang på 8,7 og var tidelen raskare enn Leon Aleksander Veland i same klassen. 

JAMT LØP: Sander Låstad Namdal (nr. 110), Vetle Valker Natås (nr. 111) og Mikkel Villanger (nr. 160) i flott driv på 60m.

Maja Andvik Totlandsdal i 6. klasse var med 9,4 raskaste jente. 7. klassingane Sara Hopland Hamlander og Victoria Dyngeland sprang også på 9,4. Kjapp var også Olivia Raunehaug i 5. klasse med 9,7.

 

HARD KAMP: Desse tre jentene sprang nesten likt på 60m i 6. klasse. Frå venstre Isabella-Mikkelsen-Klementsen, Mirian Myhre og Live Bjerke Ramsvik.

I lengde var det Olav Alme, 5. klasse, som utmerka seg med 4,20. Berre 7. klassingen Jakob Angelskår med 4,44 hoppa lenger. Av jentene var det Alexandra Tunes Lund, 6. klasse, som hoppa lengst med 3,96.

GODT UTKAST: Oskar Molvik Pettersen.

 Leon Aleksander Veland, 7. klasse, var den som hadde best tilslag i kulestøyt. Han greidde 11,06 med 3-kiloskula, over to meter lenger enn nest beste. i klassen. Sondre Tunes Lund i 5. klasse støytte 8,38 med 2-kiloskula. Av jentene hadde Ina Mathilde Kleiven, 5. kl., 6,97, Maja Andvik Totlandsdal , 6. kl., 7,74 og Hege Romarheim, 7. kl., 8,70. Alle jentene brukte 2-kiloskula.

DER FOR KULA: Sivert Strøm med godt tilslag i kuleringen.

På 800m var det ei jente som oppnådde best tid av alle.  Alexandra Tunes Lund, 6. kl., sprang på 2.56,5. Medan Håvard Valdersnes, også han i 6. kl., var raskaste gut med 2,57,7.

 

LENGDEHOPP: Vegard Kvestad i svevet.

VERT DET LANGT? Maren Midtgård.

Resultatliste dei 3 beste kvar øving:  Barnskulestemne-2019-resultat.pdf

Ungdomsskulestemne

Ostereidet ungdomsskule arrangerte også stemne for sine eigne elevar i 8.-10. klasse. Dette stemnet gjekk nokre dagar før barneskulestemnet med lærarane som funksjonærar. Beste resultatet ved dette stemnet var det 8.-klassingen Sandra Nævdal som stod for med 8,4 på 60m. Berre eit par eldre gutar sprang ein tidel raskare. Heine Kvammen, også han 8. klasse, stod for det beste lengderesultatet med 4,59. På 800m var 10.-klassingen Jesper Guldbrandsøy raskast med 2.20,9.

Premiane til begge stemnene vert sponsa av friidrettsgruppa i Eikanger idrettslag.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline