Sterk 5000m av Sara R. Linde

Postet av Eikanger Idrettslag den 1. Okt 2017


Sara Rebekka Færø Linde leverte ein sterk 5000m då ho vann Eikangerløpet på Ostereidet søndag. Ho betre den personlege rekorden sin med nesten eit halvt minutt.

 Vinnartida til Sara Rebekka var 18.24,5. Dermed slo ho også løpsrekorden til søstera Bertine Helene Færø med 27 sekund. Sterkt gjort etter at ho gjennomførte Stolzekleiven opp dagen før.

Sara Rebekka Færø Linde sette løpsrekord i kvinneklassen og ny personlege rekord på 18.24,5.

 Færø-gjengen dominerte, som fleire år tidlegare, 5000m på bana på Ostereidet søndag. Halfdan Emil Færø vann på tida 16.12,8. Han starta roleg den første halvdel av løpet, og då låg dei tre Færø-karanen samla. Om lag halvveges rykte Halfdan Emil i frå og vann klart.

Klar siger til Halfdan Emil Færø med tida 16.12,8.

 Jo Harald og Magnus Johan Færø, som tok teten frå start, kjempa om andreplassen. Jo Harald vann duellen etter ein langspurt og kom knappe to sekund føre Magnus Johan i mål.

 Grethe Jørgensen, også ho med Stolzen i beina frå dagen før, gjorde eit sterkt løp. Med tida 20.04,0 var ho heile eitt minutt og 20 sekund raskare enn for eitt år sidan.

Grethe Jørgensen betra bestetida som på 5000m på bane med 80 sekund!

 19 løparar stilte til start i år, ei god blanding av veteranar og yngre løparar. Tre av dei var med for første gong. Forholda var bra med tørr bane, overskya, nokre regndropar og litt vind.

 Laurdag 21. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ni løp skal arrangerast det komande halvåret.

 Eikangerløpet 2017.
Ostereidet idrettsbane 1.10.2017  
Arr.: Eikanger IL
Skya, +13-14° C, litt vind. Tørr bane.

 5000m menn
1.            Halfdan Emil Færø (1991), IL Varegg            16.12,8
2.             Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL            16.55,6
3.             Magnus Johan Færø (1995), Eikanger IL            16.57,5
4.             Øivind Bernes (1958), Osterøy IL            18.38,3
5.            Harald Marthinussen (1982),  Eikanger IL            18.43,6
6.            Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL            18.53,0
7.            Helge Færø (1960), Eikanger IL            19.21,9
8.             Arild Austrheim (1956), Austrheim IL      19.56,5
9.             Kristoffer Nilsen Apelthun (2003),  AKS 77            20.03,3
10.             Arvid Hauge (1960), Eikanger IL            21.10,3
11.             Egil Opsal (1955)            22.05,9
12.             Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL            22.30,9
13.            Arve Henningsen (1972)            23.09,3
14.            Gunnar Hauge  (1955), Eikanger IL            23.29,1
15.             Are Flekke (1996), IL Norna Salhus            25.04,0
16.             Sverre Solberg (1952), AKS 77            26.19,0
17.             Andrew Wakefield (1972), Eikanger IL            26.26,9

5000m kvinner
1.             Sara Rebekka Færø Linde (1982), Varegg            18.24,5
2.             Grethe Jørgensen (1975),  AKS 77            20.04,5

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.