To unge karusellvinnarar

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 26. Jan 2019

VINNARTRIO: Veteranen Ove N. Morken (nr. 34) måtte ta til takke med tredjeplass. Sonen Phillip vann klart og Kristoffer Hauge Haugland (56) var like klar nummer to. 

Phillip Morken og Stina Nes Sjursen gjekk til topps i vinterkarusellen på Eikanger laurdag 26. januar. Phillip var raskast av alle med 7.31 og Stina var raskast kvinne med 9.20.

FØRSTE SIGER: Stina Nes Sjursen var for første gong raskaste kvinne i karusellen på Eikanger.

For begge ungdomane var det første gong dei vann karusellen. Vinnartida til Phillip Morken (f. 2004) var berre to sekund etter bestenoteringa hans på 7.29 frå 17. februar i fjor. Ein flott prestasjon under tunge, vinterlege forhold.

Nest raskast av alle laurdag var Kristoffer Hauge Haugland (f. 2003) på tida 8.01, og på tredjeplass kom veteranen – og far til vinnaren – Ove N. Morken på 8.20. Idar Odland (f. 2006) kom på femteplass med 8.50 – eit av dei beste løpa han har gjort.

PÅ GLATTEN: Veteranen Ove N. Morken tok føringa på det glatte føret ut frå mål og rundt første sving, tett følgd av Philip Morken og Kristoffer Hauge Haugland. Dei tre kom også første i mål, men i ei litt annan rekkjefølgje.

Dei vinterlege forholda med snø og is i over halve løypa, sørpeføre i ein fjerdedel, gjorde det tungt å springa. Og ned første bakken måtte ein vera varsam på glatten. For mange vart tidene fort 20-40 sekund svakare enn med berr veg. Likevel var det fleire som sprang tett opp mot bestetidene sine. 

IMPONERTE: Ungjenta Mina Elisabeth Søraa imponerte med eit flott løp på god tid under tunge forhold. 

Ei av dei som imponerte var Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) som med 9.45 tangerte bestetida si og vart nest raskaste jente.

Deltakinga under dei vinterlege forholda var god med 76 startande. Neste løp på Eikanger går laurdag 16. februar.

FØRSTE SIGER: Phillip Morken vann vinterkarusellen for første gong.

Vinterkarusell 2018-19, 6. løp.
Eikanger 26. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, snø, is og snø ut til brua, berr gangveg, slaps resten,  + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken            7.31
2. Kristoffer Hauge Haugland            8.01
3. Ove Normann Morken            8.20
4. Anders Eidsnes            8.41
5. Idar Odland            8.50
6. Gaute Sørli Verlo            9.15
7. Stina Nes Sjursen            9.20
8. Hogne Haugsdal            9.26
9. Marius Hopland Larsen            9.27
10. Eskil Sørli Verlo            9.40

UNGE TALENT: Eskil Sørli Verlo (nr. 71) i fint driv på oppløpet. Like bak kjem Mina Elisabeth Søraa. 

11. Mina Elisabeth Søraa            9.45
12. Jan Kårbø            9.54
13. Ruben Hosøy            10.13
14. Olav Alme            10.14
15. Adrian Hansen Toft            10.16
16. Victoria Osen            10.20
17. Terje Eidsnes            10.31
18. Martin Ådnanes            10.38
19. Svein Cato Falkanger            10.42
20. Frode Sjursen            10.45
21. Solveig Villanger Haugland            10.58
22. Helene Osen            10.59
23. Martin Andreas Sørå            11.06
24. Harald Hansen            11.16
25. Hege Mørch Fosse            11.18
26. Valborg Nes            11.39
27. Magnus Ådnanes            11.39
28. Kjell Namtveit            11.51
29. Ove Danielsen            12.21
30. Sverre Solberg             12.43
31. Elias Øvretveit            13.05
32. Cato Sperrevik            13.18
33. Venke Fyllingsnes            14.25
34. Jonas Øvretveit            16.53
35. Liam Hansen Toft            16.55

JUBLANDE I MÅL: Solveig Villanger Haugland, og like bak kjem Helene Osen.

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Maria Annan, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Silje Falkanger, Jan S. Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Linn Sørå, Laila Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Amalie Øvretveit, Janina Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna  Ådnanes, Ingrid Rebnor Ådnanes

76 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 16. februar kl. 15.00.

KVA VERT TIDA? Hogne Haugsdal sjekkar tida. Den vart fine 9.26 for han, eitt sekund fortare enn for tre veker sidan då det var langt betre forhold. Like bak han kjem Marius Hopland Larsen (f. 2008) på 9.27.

SIDE OM SIDE: Ruben Hosøy (39) og Olav Alme (3) med Adrian Hansen Toft imellom seg litt lenger bak.

FINT DRIV: Helene Osen sprang på 10.59, og litt lenger bak kjem Martin Andreas Søraa på 11.06.

TETT I TETT: Harald Hansen noterte 11.16 på vinterføret, og like bak kom Helene Mørch Fosse som debuterte i karusellen med 11.18.

UNG «VETERAN»: Cato Sperrevik har trass sin unge alder alt delteke 50 gonger i vinterkarusellen.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline