Rekordløp av Sara-Rebekka Linde

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 16. Feb 2019

Sara-Rebekka Færø Linde sette ny løpsrekord for kvinner i vinterkarusellen laurdag 16. februar. Ho vart også den første kvinna som har vore raskast av all deltakarane i eit karuselløp.

Den nye rekordtida er 7.10, heile sju sekund betre enn den gamle rekorden som ho og søstera Bertine-Helene Færø, delte. 

STARTEN: Sara-Rebekka Færø Linde (nr. 3) tok teten ut frå tart saman med Martin Erdal (nr. 60). 

Ut frå start var Sara-Rebekka heilt i teten saman med Martin Erdal frå Samnanger. Dei to heldt følgje den første kilometeren bort til gamlebrua over Eikangervågen. Der vart første kilometeren passert på ca. 3.05. Deretter auka Sara-Rebekka leiinga jamt og trutt. Då ho kom til den siste motbakken ved «hamrane» hadde ho ei leiing på bortimot 30 meter. Ho heldt leiinga, og auka vel også nokre meter til, inn til mål. 

RASKASTE MANN: Martin Erdal frå Samnanger var raskaste mann i karusellen for sjuande gong.

Erdal som var raskaste mann sprang på 7.18 som var 12 sekund etter den fem år gamle bestetida hans.

Sara-Rebekka Linde fortel at ho har trena godt i lengre tid. Grunnkondisjonen er betre enn før, men ho har ikkje drive særleg med tempotrening. Når det vert meir tempotreninga framover våren, trur ho at ho kan pressa løpstida endå lenger ned. På spørsmål om ikkje det neste målet vert å springa under 7.00, er svaret eit eintyding ja. Og kanskje må ho greia det for å halda rekorden, for veslesøster Bertine-Helene er også i framgang og betre enn nokon gong før.

SOLID FRAMGANG: Idar Odland vart nummer tre av alle og sette solid personleg rekord.

Under dei nesten vårlege forholda på Eikanger laurdag, var det også ei rekkje yngre deltakarar som sprang på sterke tider. Idar Odland (f. 2006) kom på tredje plass med 8.27 og sette personleg rekord med 19. sekund.

PERSONBESTE: Eskil Sørli Verlo  sprang på 8.40, raskare enn nokon gong før.

Dei to Verlo-gutane, Eskil (f. 2006) og Gaute (f. 2008) noterte 8.40 og 8.57. Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) vart nest raskaste jente med 9.14. Ho rekordforbetra seg med vel eit halvt minutt. Flotte løp også av Mats Johan G. Opdal(f. 2009) på 9.17 og Olav Alme (f. 2008) på 9.23.

JENTE I FRAMGANG: Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) fremst i denne gjengen, sette flott personleg rekord. Like bak kjem Are Flekke (nr. 23), så Mats Johan G. Oppedal og Arne Erdal (59) og lengst bak Olav Alme.

65 deltakarar stilte til start i det 7. karuselløpet denne sesongen. Neste løp går laurdag 9 mars.  

Vinterkarusell 2018-19, 7. løp.
Eikanger 16. februar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, berr veg, vindstille,  + 7-8° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Sara-R. Færø Linde            7.10
2. Martin Erdal            7.18
3. Idar Odland            8.27
4. Eskil Sørli Verlo            8.40
5. Gaute Sørli Verlo            8.57
6. Mina Elisabeth Søraa            9.14
7. Are Flekke            9.16
8. Arne Erdal            9.16
9. Mats Johan G. Oppedal            9.17
10. Olav Alme            9.23

PÅ OPPLØPET: Ungguten Oav Alme var to sekund raskare enn veteranen Arve Henningsen.

11. Arve Henningsen            9.25
12. Jan Kårbø            9.40
13. Bjørn Mo            9.43
14. Jan Halvard Edvardsen            9.47
15. Terje Eidsnes            9.54
16. Merethe M. Odland            9.59
17. Sjur Øren Heggernes            10.04
18. Harald Hansen            10.20
19. Solveig Villanger Haugland            10.23
20. Håvard Andre G. Oppedal            10.58
21. Øyvind G. Oppedal            10.58
22. Kjell Namtveit            11.21
23. Elias Øvretveit            11.31
24. Håkon Rongved            11.41
25. Sverre Solberg            12.42
26. Martin Andreas Sørå            12.50

GOD SEKUNDERING: Øyvind G. Oppedal sekunderer sonen Håvard Andre G. Oppedal  inn til tida 10.58 – for begge to.

Utan tid:
Margrethe Alme, Renate Alme, Ove Danielsen, Miriam R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sebastian Helgesen, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Frida Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Anne Lise Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Kirsten Rongved, Benjamin Thorkildsen Sellevoll, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Jonas            Øvretveit

65 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 9. mars kl. 15.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline