Magnus Johan Færø til topps i 3. vinterkarusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 28. Nov 2015



Magnus Johan Færø (biletet) gjekk til topps i det tredje løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Med tida 6.54 var han nesten minuttet føre nummer to.

Grethe Jørgensen var på nytt raskast av kvinnene. Denne gongen på tida 8.13. Og det var 22. gongen ho var raskaste kvinne i løpet rundt Eikangervågen.

Grethe Jørgensen inn til tida 8.13. Ho måtte gje tapt for Bjarne Gausvik i innspurten, men ho var raskaste kvinne for 22. gong i karusellen.

Skiløpar i framgang
For Magnus Johan Færø var det andre gongen han gjekk til topps i vinterkarusellen. Alt hausten 2009 då han berre var 14 år gamal, vann han for første gong. Tida hans den gong var 7.24, ei kjempesterk tid for ein 14-åring. No på laurdag var han 30 sekund raskare, og det var også ei betring av bestetida hans med 10 sekund. I november i fjor sprang han på 7.04. At han i eit sololøp under litt tunge forhold betra seg med 10 sekund frå i fjor, tyder på at han har trena godt framfor den komande skisesongen.

På andreplass i den 3. karusellen kom veteranen Anders Eidsnes (biletet over) på 7.50, følgd av to andre veteranar – Rolf Vabø på 8.00 og Bjarne Gausvik på 8.13.

12-årige Kristoffer Hopland (biletet under) betra nok ein gong bestetida si. Denne gongen stoppa klokka på 8.19 som var fire sekund raskare enn før.

Nest raskaste kvinne var Evie Kalnes Dencker på 8.30, medan Sofie Nilssen kom deretter på 9.17 som for henne var ny bestetid.

Evie Kalnes Dencker var med 8.30 litt etter bestetida si i karusellen, men ho var nest raskast av kvinnene.

67 personar stilte til start i det helst sure veret som veksla mellom hagl- og regnbyer og opphald med eit par plussgrader.

Neste karusell på Eikanger er førjulsløpet 19. desember. Då ventar arrangøren innrykk av mange nisseløparar.



Magnus Johan Færø (nr. 28) tok teten ut frå start og gav den aldri frå seg att.

Vinterkarusell 2015-16, 3. løp.
Eikanger 28. november 2015
Arr.: Eikanger IL
Hagl- og regnbyer, opphald + 2-3° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Magnus Johan Færø 6.54
2. Anders Eidsnes 7.50
3. Rolf Vabø 8.00
4. Bjarne Gausvik 8.13
5. Grethe Jørgensen 8.13
6. Kristoffer Hopland 8.19
7. Alf Fjellstad 8.25
8. Evie Kalnes Dencker 8.30
9. Finn Vabø 8.47
10. Are Flekke 9.08

Sofie Nilssen (t.h.) betra bestetida si md fire sekund til 9.17. Til venstre Terje Eidsnes og i midten Jan Kårbø.


11. Brynjar Nordanger 9.10
12. Sofie Nilssen 9.17
13. Terje Eidsnes 9.19
14. Jan Kårbø 9.23
15. Arve Henningsen 9.26
16. Arild Tveranger 9.32
17. Johannes Hopland 9.42
18. Amalie Kallestad 9.52
19. Idar Odland 10.00
20. Olai Nepstad 10.19
21. Håkon Rongved 10.27
22. Sverre Solberg 10.49
23. Jonas Marthinussen 10.51
24. Stein Tore Holsen Viken 11.04
25. Sunniva R. Eidsnes 11.10
26. Alf Høyland 11.43
27. Silje Falkanger 11.49
28. Magnus Elvik 12.37
29. Kirsten Rongved 12.56



LØPSGLEDE: Anna Ådnanes spurtar smilande i mål etter ein runde rundt Eikangervågen. Ho deltok i klassen utan tidtaking.

Utan tid:

Fredrik Børtveit, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Margrethe Høyland, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Malin Marthinussen, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Tara Rongved, Trine Rongved, Tanita Sperrevik, Grethe Titland, Åge Toft, Wenche Tveranger, Liv-Reidun Sletten Vabø, Anna Ådnanes, Ingrid Ådnanes, Martin Ådnanes

I alt 67 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 19. desember kl. 15.00

Are Flekke spurtar i mål følgd av Brynjar Nordanger.

Finn Vabø noterte 8.47 denne gongen.

Arild Tveranger i mål med stoppeklokka i høgrehanda. Tida må sjekkast!

Amalie Kallestad avslutta med ein frisk spurt. Nok ein gong under ti minuttar.

10.00 vart det på Idar Odland i det tredje karuselløpet denne sesongen.

Silje Falkanger vert heia fram på dei siste meterane til mål.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.