Sterkt løp av Halfdan Emil Færø
Postet av Eikanger Idrettslag den 20. Feb 2016

Halfdan Emil Færø vann karusellen på Eikanger laurdag med klar margin – 34 sekund før nummer to.

Klar siger til Halfdan Emil Færø på god vinnartid.
Vinnartida hans var 6.20 og han var sjølv godt nøgd med det etter som han er inne i ein hard treningsperiode. Det var 13. gongen han gjekk til topps på Eikanger, førre gong var for to år sidan.

Andreas Barlie debuterte i karusellen med andreplass på tida 6.54.
Hardast konkurranse hadde han denne gongen av Anders Bratlie som debuterte i karusellen med 6.54. På tredjeplass kom Johannes Knudsen på 7.39. Han deltek berre sporadisk og er best kjent frå stuntet sitt som «nissen» med Usain Bolt- helsing.

To sekund betring av bestetida si i karusellen og Anita Iversen Lilleskare var raskaste dame for tredje gong.
Anita Iversen Lilleskare var raskaste dame med tida 7.41, to sekund betre enn ho har hatt før på Eikanger. Ho kom i mål som nummer fire i feltet med 31 løparar. Grethe Jørgensen noterte denne gongen 8.28.

Sofie Nilssen (nr. 69) kom under ni minuttar for første gong og kutta 24 av den gamle bestetida si. Jan Kårbø (nr. 5) enda på 8.55 denne gongen.
Sofie Nilsen i 16-årsklassen betra bestetida si til 8.53, som var 24 sekund raskare enn før. Flott framgang også av Amalie Kallestad i 10-årsklassen som med 9.25 kutta 14 sekund av den gamle bestetida si.

Amalie Kallestad i fint driv inn til ny bestetid på 9.25. Neste mål er å slå fleire av dei mannlege veteranane som er litt raskare enn henne – enno....
I feltet med 31 deltakarar som sprang på tid var det elles fleire som pynta på sesongbestetida si med nokre sekund. Forholda under løpet var litt snø, hagl og regndråpar i lufta og berr og fin veg å springa på. Totalt var det 65 deltakarar.
Tre løp står att i karusellen på Eikanger denne sesongen. Det neste løpet går laurdag 12. mars. Dei to siste går etter påske.

Nikolai Færø (75) og Terje Solberg spurtar i mål godt under 10 minuttar.
Vinterkarusell 2015-16, 7. løp.
Eikanger 20. februar 2016
Arr.: Eikanger IL
Skya, regn og litt hagl + 2-3° C, berr veg.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø            6.20
2. Anders Bratlie            6.54
3. Johannes Knudsen            7.39
4. Anita Iversen Lilleskare            7.41
5. Kristoffer Nilsen Apelthun            8.03
6. Kristoffer Hopland            8.21
7. Grethe Jørgensen            8.28
8. Sofie Nilssen            8.53
9. Jan Kårbø            8.55
10. Arvid Hauge            9.00
11. Arve Henningsen            9.13
12. Amalie Kallestad            9.25
13. Terje Eidsnes            9.40
14. Terje Solberg            9.45
15. Nikolai Færø            9.47
16. Johannes Hopland            9.56
17. Gry Askeland            10.08
18. Idar Odland            10.12
19. Olai Nepstad            10.15
20. Håkon Rongved            10.26
21. Geirmunn Aarland            10.35
22. Sunniva R. Eidsnes            10.53
23. Anders Eidsnes            10.54
24. Stein Tore Holsen Viken            10.57
25. Sverre Solberg            10.59
26. Jonas Marthinussen            11.02
27. Aina Isdal Haugland            11.51
28. Alexandra Tunes Lund            11.52
29. Celine Lilleskare            11.53
30. Kirsten Rongved            13.03
31. Magnus Elvik            13.21

Johannes Knudsen på tredjeplass med 7.39.
Utan tid:
Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Hugo Eikanger, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente Merete  Færø, Stanley  Hauge, Steinar Haukås, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Malin Marthinussen, Gerd Nævdal, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Camilla Ramsvik, Live Ramsvik, Cato Sperrevik, Sindre Andreas Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Tony Thorsen, Grethe Titland, Laila Toft, Åge  Toft, Marita Tunes, John  Ulveseth
I alt 65 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 12. mars 2016 kl. 15.00

Kristoffer Nilsen Apelthun spurtar i mål på 8.03.
Kristoffer Hopland noterte 8.21.

Arvid Hauge på veg i mål til tida 9.00.

Arve Henningsen tangerte sesongbestetida si på 9.13.

Terje Eidsnes deltok i karusellen for 244. gong!

Johannes Hopland i mål i fin stil.

Idar Odland i mål på 10.12 og Olai Nepstad på 10.15 som var sesongbeste for han.

Sunniva R. Eidsnes noterte 10.53, tre sekund raskare enn i første løpet i fjor haust. Anders Eidsnes var sekundet etter.

Stein Tore Holsen Viken i mål på tida 10.57 og endå ei gong under 11 minuttar. Sverre Solberg (t.h.) like bak.

Jonas Marthinussen (t.h.) sprang på 11.02 og pappa Harald mosjonerte inn på same tida.

«Jentegjeng»på veg mot mål. Frå venstre Marita Tunes, Alexandra Tunes Lund, Celine Lilleskare og Aina Isdal Haugland.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
