Bassenget opnar 19. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 26. Sep 2016

Trimgruppa har dei siste åra hatt ope bassenget på Ostereidet i perioden mellom haustferien og påskeferien. Dette vert vidareført også vinterhalvåret 2016/2017, og me opnar onsdag 19. oktober.

OBS! Nytt av året er at herre/damesymjing er flytta til onsdagar.

Opningstider:

Onsdagar kl 19.00-21.00 (herre og damesymjing)

Laurdagar kl 13-00-15.00 (familiebading)

Bassenget er julestengt i veke 51-52, og veke 9 (vinterferie).

Pris: 50 kr for vaksne, 25 kr for barn under 15 år, og gratis for barn under 5 år. Onsdag er det gratis for medlemmer.

Kontaktperson Anders Eidsnes 480 79 470.

Velkomen i bassenget!

Trimgruppa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.